Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Innkjøp i Ål kommune

Innkjøpsrådgjevar

Har du spørsmål om innkjøp i Ål kommune?

Ta kontakt med rådmann Karsten Dideriksen

Telefon: 32 08 50 11
E-post: karsten.dideriksen@aal.kommune.no

Pågåande innkjøp

Pågåande innkjøp i Ål kommune på doffin.no

Rammeavtalar

Ål kommune har rammeavtalar igjennom forskjellige typar samarbeid.

  • Viken fylkeskommune
  • BTV (Buskerud, Telemark, Vestfold) innkjøpssamarbeid
  • Viken Vest innkjøpssamarbeid
  • Regionrådet/kommunane i Hallingdal
  • Andre avtalar

Her finn du ei oversikt over Ål kommune sine rammeavtalar

Ei rammeavtale har ofte ein avtaleperiode på 4 år, men ei kontrakt kan også ha lengre kontraktsperiodar. Når ei kontrakt er signert er partan bunde av denne kontrakta. Det betyr at oppdragsgjevar ikkje kan gjere kjøp hjå andre leverandørar for dei varer og tenester som ein har ei rameavtale med, og leverandøren må levere dei varer og tenester som har blitt avtalt.

Ofte blir desse konkurransane publisert i god tid før avtalen går ut, slik at kommunen har ei ny kontrakt på plass når den gamle går ut.

Korleis bli leverandør til Ål kommune?

Kommunen skal konkurranseutsette alle varer og tenester som har ein verdi over
100 000 kroner og Ål kommune gjennomfører alle anbodskonkurransar digitalt. 

For innkjøp under 1.3 millionar blir det sendt ein invitasjon ut til tre (3) eller fleire leverandører via kommunen sitt KGV (konkurransegjennomføringsverktøy) TendSign.

I samsvar med Ål kommune sin innkjøpsstrategi forsøker kommunen å velge lokale leverandørar, under føresetnad av at det finst ein lokal leverandørmarknad. Det er difor viktig at lokale leverandørar er aktive i å vise fram seg og sine konkurransefortrinn.

Innkjøp som har en estimert verdi over 1.3 millionar blir publisert på Doffin (Database for offentlige innkjøp). Doffin er en nasjonal kunngjeringsdatabase for offentlege innkjøp.

Innkjøp som har ein estimert verdi over 2 millionar blir publisert i den internasjonale kunngjeringsdatabasen TED (Tenders Electronic Daily), men blir også publisert på Doffin.

Kommunen forsøker å gi lokale tilbydarar beskjed når ein konkurranse har blitt publisert og me er kjent med at det finns lokale aktørar. Dette til tross må lokale tilbydarar også følge med på utlysningar frå det offentlege på Doffin då tilbydarane har eit sjølvstendig ansvar for å halde seg oppdatert om nye potensielle oppdrag frå kommunen si side.

Når ein finn eit oppdrag på Doffin som ein ynskjer å gi tilbod på, trykker ein på linken for å koma inn i oppdragsgjevar sit konkurransegjennomføringsverktøyet KGV.

Ål kommune sitt KGV heiter TendSign og det er gratis å levere tilbod i TendSign.

Tilbydar skal lever sitt tilbod i TendSign (ikkje på e-post eller anna måte) og må forhalde seg nøye til dei tidsfristar som oppdragsgjevar har sett for desse konkurransane. Oppdragsgjevar har plikt til å avvise for seint innkomne tilbod eller tilbod levert på anna måte enn via TendSign. Alle spørsmål skal stillast og besvarast i TendSign.

Treng du hjelp til å koma i gong med TendSign eller få levert eit tilbod til kommunen? Ta kontakt med:

Næringsutviklar i Ål kommune
Staffan Landsmann-Wiwe
Telefon: 483 54 89
E-post: staffan.landsmann-wiwe@aal.kommune.no

Du kan også finne hjelp på nett:

Regelverk

Kommunen må forhalde seg til Lov om offentlige anskaffelser (LOA) og Forskrift om Offentlige anskaffelser (FOA) i sitt innkjøpsarbeid.

Regelverket gjeld når oppdragsgjevar inngår vare-, teneste- eller bygge og anleggskontrakt med ein verdi som er lik, eller overstig 100 000 kroner ekskl. mva.

Dei grunnleggande prinsippa i regelverket som kommunen må forhalde seg til:

  • Konkurranse
  • Likebehandling 
  • Forutberegnelighet
  • Etterprøvbarhet
  • Forholdsmessighet
Innkjøpsreglement for Ål kommune
Innkjøpsreglementet for Ål kommune

Innkjøpsreglementet viser til gjeldande lovar og regler:

Innkjøpsstrategi for Ål kommune 2020-2024
Innkjøpsstrategi for Ål kommune 2020-2024

Mål for Innkjøpsstrategien 

Innkjøpsstrategien skal bygge på Ål kommune sin hovudstrategi og definere overordna tankar og åtferd ved innkjøp.

Innkjøpsstrategien skal gje eit felles grunnlag for gjennomføring av innkjøp og sikre effektiv ressursbruk.

Ål kommune skal gjennomføre innkjøp på ein profesjonell måte, i tråd med lov og forskrift, og basert på Anskaffelseslova § 4 sine fem grunnprinsipp; «Konkurranse, likebehandling, etterprøvbarhet, forutberegnelighet og forholdsmessighet».

  • Delmål 1 – Kompetanse og kvalitet
  • Delmål 2 – Effektiv ressursbruk
  • Delmål 3 – Digital og effektiv
  • Delmål 4 – Samfunnsansvar

For å sikre gode innkjøp skal Ål kommunen nytte innovative innkjøp som strategi og metode i utvalte innkjøpsprosessar.

Bestilling og faktura

Kommunenr: 3043
Organisasjonsnr: 864 952 992
Bankgiro: 2320 20 29531

  • Ål kommune nyttar elektronisk innkjøpssystem (Visma eHandel) ved dei fleste bestillingar og rammeavtalar.
  • Fakturaer til Ål kommune skal som hovudregel sendast elektronisk i EHF-format
  • Elektronisk adresse: 9908:864952992

Papirfaktura skal sendast til:

Ål kommune
Torget 1

3570 Ål