Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Byggesak

Nye, digitale løysingar for byggesøknader gjer det enklare å levere komplette søknader som gir raskare sakshandsaming. Her finn du informasjon som hjelper deg å finne rett løysing for deg:

Logo DIBK

Privatperson - slik søker du

Profesjonell søkjar

Servicetorget i Tingstugu kan hjelpe til med kart, naboliste, skjema og rettleiing - tlf. 32085000.

Papirskjema finn du her:  Direktoratet for byggkvalitet

Lenger ned finn du informasjon om dei vanlegaste byggesaker og korleis du skal gå fram.

Kommunekart

Kommunekart har fargeflyfoto og kart over tomta di. Vel Ål kommune og skriv inn ditt gnr./bnr.
Det kan vera feil ved tomtegrenser i kartet.

Byggesakshandsamarar

Ål kommune har per i dag ein byggesakshandsamar:
Olav Warberg som har open telefon etter kl. 12.00.

Kva kan du bygge?

Det er regulerings-, utbyggingsplan eller kommuneplanen som fastset rammer for kva tiltak som kan gjennomførast i ulike område. Vedtekne planar (kart og føresegner) finn du i kommunen sitt planarkiv.

Røyr i bakken

Ver merksam på at nye byggetiltak ikkje kan plasserast oppå vass- eller avlaupsleidningar eller røyr for lukka bekkar. Ved framtidig lekkasje må gravemaskin ha tilgang til røyra for rask oppgraving og reparasjon, utan risiko for at grøfta skal skada fundamentet til bygget. Avstanden til røyrtraseen må vera like stor som grøftedjupna.

Byggetiltak kan delast inn i tre kategoriar
  1. Byggetiltak som er unnateke søknad:
    Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal saksbehandling, dersom det ikkje fører til fare eller urimeleg ulempe for omgivelsane eller allmenne interesser. Les meir i SAK kap. 4.NB: Slike tiltak må uansett forhalde seg til planbestemmelsane for området. Om det i plan er sett vilkår om maksimalt 1 bygg på eigedomen, må det søkjast om løyve sjølv om uthuset vert mindre enn 15 m2.  Avstand til nabogrensa må vera minst 4 meter. Kortare avstand utløyser plikt til nabovarsling og søknad.

  2. Byggetiltak som krev søknad utan ansvarsrett:
    Søknad utan ansvarsrett er ein forenkla søknad der tiltakshavar sjølv står ansvarleg for at tiltaket oppfyller alle krav som er gitt med heimel i plan- og bygningslova. Dei vanlegaste tiltaka er uthus/garasje, tilbygg og driftsbygningar i landbruket. Tiltakshavar sender nabovarsel. På naboskjemaet skal tiltakshavar oppgje si adresse for mottak av nabomerknader. Kopi av kart og teikningar og eventuell dispensasjonssøknad, skal følgja som vedlegg til naboane. Tiltakshavar sender søknaden til kommunen etter at nabofristen er gått ut med god margin. Eventuelle nabomerknader og tiltakshavar sin kommentar skal følgja som vedlegg til søknaden. Les meir i SAK kap. 3.
    Før tiltaket vert teke i bruk, må tiltakshavar sende søknad om mellombels buksløyve til kommunen. Etter at tiltaket er ferdig, må tiltakshavar sende søknad om ferdigattest til kommunen.

  3. Byggetiltak som krev søknad med ansvarsrett:
    Dei tiltaka som ikkje er nemnde i pkt. 1 og 2. skal fremjast gjennom eit godkjent føretak - ansvarleg søkjar - som er ein profesjonell aktør (arkitekt eller byggefirma) i kontakt med kommunen. Ansvarleg søkjar skal rettleia tiltakshavar om krav til innhald og dokumentasjon i søknad. Ansvarleg søkjar sender nabovarsel og er mottakar av nabomerknader. Ansvarleg søkjar sender søknaden til kommunen etter at nabofristen er ute med god margin. Eventuelle nabomerknader og søkjar sin kommentar skal følgja som vedlegg til søknaden.

    Dersom tiltakshavar eller dei ansvarleg utførande føretaka foreslår endringar av tiltaket eller ansvarstilhøva undervegs i byggeprosessen, skal ansvarleg søkjar varslast for å førebu endringssøknad til kommunen. Løyve må føreliggja før endring kan gjennomførast.

    Ansvarleg søkjar har samordnaransvaret gjennom heile prosjektperioden, frå nabovarsling til ferdigattest. Mellombels bruksløyve eller ferdigattest er dokumentasjon for at tiltaket er kontrollert av føretaka, og at det er trygt å ta i bruk tiltaket.
Dispensasjon

Om tiltaket er i strid med planbestemmelsane for området, må det søkjast om dispensasjon
(NB: skal framgå av nabovarselet). 
Dispensasjonssøknader krev normalt politisk behandling (Sektorutval for teknisk, næring og ressurs).
For å kunne vurdere om det er grunnlag for å gje dispensasjon er grunngjeving viktig. Revidert plan- og bygningslov legg opp til ein skjerpa praksis når det gjeld dispensasjonar. Les her. Det er ekstra gebyr for dispensasjonar.

Tidsfristar

Søknader utan ansvarsrett skal handsamast innan 3 veker. Det same gjeld søknad med ansvarsrett, der det ikkje er nabomerknader eller andre avklaringar som manglar. Andre søknader skal handsamast innan 12 veker. For dispensasjonssøknader gjeld ikkje desse fristane.

Tips for rask og smidig byggesakshandsaming:

  1. Sørg for at søknaden er komplett og godt dokumentert (gjerne foto)
  2. Respekter vedtatte planar - dispensasjonar har lågast prioritet
  3. Avklar om mogleg alle konflikter med naboar på førehand
Utslepp/avkøyrsle

Søknad om utsleppsløyve skal utarbeidast av fagkyndig føretak. Før det blir lagt inn vatn skal det vere gitt utslippsløve, alternativt  sanitærabonnement der det er offentleg vatn- og avlaupsnett.

Du finn søknadsskjema for utslippsløyve her

Ved nybygg og endra bruk skal det vere gitt løyve til avkøyring ev. utvida bruk av avkøyrsle. Det er kommunen som gjev dette til kommunale vegar og Statens vegvesen til fylkes- og riksvegar. Ved bruk av felles privat veg skal det leggjast ved avtale om bruksrett.

Bygningsavfall

Tiltakshavar er ansvarleg for at handtering av produksjons- og riveavfall blir planlagt og levert til godkjent mottak for bygningsavfall. Ved riving av bygg kan det i enkelte høve vere eit alternativ at brannvesenet brukar det som øvingsobjekt. Kontakt Hallingdal brann- og redningsteneste.

Bygning for opphald av personar skal prosjekterast og utførast med radonførebyggande tiltak slik at innstrømming av radon frå grunnen og frå tilkøyrde pukkmassar blir redusert. For bustadhus er det krav til radonsperre.   

Gjerding

Utmarksoppsynet i Ål ser blant anna til at både hyttefolk og fastbuande har lovlege gjerde og held desse i stand slik at dei ikkje er til fare for folk og dyr.

Lam ved ei hytte under oppføring i Ål. Foto: Ola Vaagan Slåtten

Godt og lovleg gjerde

Eit sauesikkert gjerde skal vera minst 110 cm høgt (inkludert overtråd), så tett at småfe ikkje kan smette igjennom, og utan piggtråd, trådvasar eller anna som dyr kan setje seg fast i. Grinder skal slå utover. Alle gjerde skal ha tilsyn. Særleg viktig er det at gjerdet blir sett over kvar vår før beitedyra blir sleppte ut. Aktuelle gjerdetypar kan vera nettinggjerde av metall (sauenetting), bordgjerde, stakittgjerde eller skigard.   Mattilsynet tolkar Lov om dyrevelferd slik at det ikkje er lov å bruke tråd eller plastnettinggjerde, verken med eller utan straum, kring hytter. Slike gjerde skal ha dagleg tilsyn og er dermed berre eigna til bruk i samband med husdyrhald. Fritidsbustader har normalt ikkje dagleg tilsyn heile beitesesongen.    

Forbod mot bruk av piggtråd  

Det er generelt forbod mot bruk av piggtråd ”for å regulere dyrs ferdsel” (Lov om dyrevelferd § 15). Forbodet blir tolka slik at det ikkje er lov å bruke piggtråd i nye gjerde, men at det er lov å vedlikehalde dei piggtrådgjerda som fanst før dagens lovtekst tok til å gjelde i 2010.    

Felles innsats mot farleg gjerde og annan forsøpling i utmarka 

Ål kommune oppmodar alle grunneigarar om å gjera ein innsats slik at me kan bli kvitt gamal piggtråd, nedgrodde trådgjerde og anna rask i utmarka. Gjerde som ikkje lenger har nokon funksjon skal ryddast vekk, og attverande gjerde skal haldast i skikkeleg stand.   Dersom nokon kjem over ulovlege eller forfalne gjerde i utmarka, ber me om at du melder frå til Servicetorget i Ål kommune slik at me kan følgje opp saka, tlf. 32 08 50 00

Les meir om gjerding

Korleis søkjer eg?

ByggSøk er den nasjonale løysinga for elektronisk kommunikasjon i byggesaker. Gjennom ByggSøk kan du sende byggesøknaden elektronisk til kommunen. Du vert spurt om å fylle ut det som er relevant.

Skjema Søknad om tiltak utan ansvarsrett, Nabovarsel- opplysningar gjeve i nabovarsel og kvittering for nabovarsel skal sendast utfylte til Ål kommune saman med kart som viser gjerdet (tiltaket) innteikna og skisse som viser utforminga av dette (plan- og fasadeteikningar.)

Dispensasjon er søknad om unntak frå regelverket eller reguleringsføresegnene. Det finst ikkje noko skjema for dispensasjonssøknad. Ein dispensasjonssøknad skriv du som eit vanleg brev. Det må kome fram kva det vert søkt dispensasjon frå og søknaden må grunngjevast. Naboane skal varslast særskilt om at det vert søkt dispensasjon.

Kvar skal eg sende søknaden?

Søknaden skal sendast til Ål kommune ved utviklingsavdelinga, Torget 1, 3570 ÅL eller til postmottak@aal.kommune.no

Kor lang tid tek det å få svar frå kommunen?

Sakshandsamingsfristen er 3 veker etter plan- og bygningslova. Sakshandsamingstida er tida som reknast frå søknaden er komplett. Rask handsaming krev at alle nødvendige opplysningar er med i søknaden.

Handsaming av dispensasjonssøknader har ingen frist etter plan- og bygningslova.

Du kan ta kontakt med Ål kommune for å få rettleiing

Tlf. servicetorget 32 08 50 00   E- post:postmottak@aal.kommune.no

Kjelder nytta i denne rettleiaren

Lovdata.no: grannegjerdelova, plan- og bygningslova, lov om dyreveldferd

Sjølvbyggjar

Direktoratet for byggkvalitet har informasjon om alt du må tenkje på.
Meir informasjon