Kommuneplanutvalet (KPU) opna for ny innspelsfrist 1. mars 2025 for areal til fritidsbustader. Desse innspelsområda er no grovsila av administrasjonen, og blitt politisk handsama av KPU i møte 12.01.2026 og 20.01.2026.
Under ligg grovsilingsdokumentet med politisk vedtak.
Grovsilingsdokument med politisk vedtak (PDF)
Alle innspela som gjekk vidare i denne runden, samt dei som gjekk vidare i førige grovsilingsrunde i november/desember 2024, skal no konsekvensutgreiast.
Før den tid skal det i tråd med Planprogrammet (vedlagt lenke under) utarbeidast områdeanalysar. Dette arbeidet skal etter planen vere klart til opne folkemøte i månadsskiftet februar/mars, der alle som er interessert i forvaltning av fjellområda i Ål er velkomne til å delta.
Dette vil bli nærmare annonsert på heimesida og i lokalavisa Hallingdølen. Alle innspela som har kome inn til planføresegner, vart i KPU-møtet 20.01.2026, i sak 7/2026, vedteke å ta med til vurdering i det vidare arbeidet i planprosessen.
Grovsiling haust revidert 29.11.2024 med politisk handsaming (PDF)
Overordna arealføringar for kommunens arealbruk:
I prosessen fram til grovsiling vedtok kommunestyret i sak 53/2024 i møte den 20.06.2024 å endre punkt 6 b) i Overordna arealføringar for kommunens arealbruk, med ein konkretisering av innhaldet i omgrepa fortetting, utviding og nye område.
Saksprotokoll Revidering av Overordna arealføringar for kommunens arealbruk (PDF)
Overordna arealføringar for kommunens arealbruk - Revidert i tråd med vedtak 20.06.2024 (PDF)
Vidare bestemte kommunestyret i same møte å endre punkt 6 a) i Overordna arealføringar for kommunens arealbruk, med vedtak om å gjennomføre ein planvask/planrevisjon parallelt med revidering av kommuneplanens arealdel for fritidsbustader.
Saksprotokoll Revidering av Overordna arealføringar for kommunens arealbruk (PDF)
Vedtatt grovsilingsdokument og vedtak i sak 34/2024 i kommuneplanutvalet 18.11.2024, og i sak 37/2024 i møte 09.12.2024.
Grovsilingsinnspela innteikna i kommunekart