Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Frivillig

Ål Frivilligsentral

Ål Frivilligsentral finn du på Ål Kulturhus. Her finn du også ungdomsfrivilligsentralen og BUA.

Kontaktinfo Ål Frivilligsentral:
Leiar: Turid Hilde Gåsbakk
frivilligsentralen@aal.kommune.no
Tlf: 90708637
Facebook

Frivillig på arrangement

Me har mange store arrangement i Ål kommune. Det blir lagt det hundrevis av timar kvart år for å planlegge og gjennomføre arrangement av god kvalitet. Me har arrangement av ypperste klasse innan alle kategoriar!
Ynskjer du å vere frivillig på arrangement – ta kontakt med arrangementsledelsen for det aktuelle arrangementet.

Arrangementsoversikt med kontaktinfo finn du her.

Kartlegging av verdiskaping i frivilligheita 2022-2023

I 2013 og 2018 utførte Tore Bøygard, dåverande Idretts- og arrangementskoordinator i Ål kommune, kartleggingar av timar som det frivillige lag og organisasjonslivet la ned i årleg aktivitet og i dei store arrangementa i Ål. 

Kartlegginga synte at frivilligheita i Ål i 2018 la ned svimlande 82 000 timar med arbeid, tilsvarande 45 årsverk – til ein verdi av over 24 millionar kroner. Det er stort!

I 2023 tok me ei ny måling og der organisasjonar, lag, klubbar og arrangement rapporterte inn antal timar brukt på frivillig arbeid i perioden 1. august 2022 til 31. juli 2023. Me samla inn dette for å synleggjere den enorme frivillige innsatsen som blir lagt ned i Ål-samfunnet. Å løfte fram frivillig arbeid er å synleggjere verdien, både for frivillige, politikarar og næringsliv. På denne måten kan me få eit enno betre samarbeid mellom enno fleire aktørar. Den frivillige innsatsen, særleg på større arrangement, gjev store positive ringverknader i næringsliv og lokalsamfunn. Ved å vere med på denne registreringa bidreg du til å få enno større slagkraft i saker som vedkjem frivilligheita.

Frist for registrering var 1. september 2023.

Frivilligstrategi

Ål kommune har utvikla ein frivilligstrategi som skal verte nytta som grunnlag for den utøvande frivilligheitspolitikken. Frivilligheitsstrategien har vorte utarbeidd i samråd med politikarane og dei frivillige laga i kommunen og skal stimulere til auka samspel og samarbeid mellom kommunen og det frivillige.

Les meir og sjå frivilligstrategien her.