Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Frivilligstrategi

Ål kommune har utvikla ein frivilligstrategi som skal verte nytta som grunnlag for den utøvande frivilligheitspolitikken. Frivilligheitsstrategien har vorte utarbeidd i samråd med politikarane og dei frivillige laga i kommunen og skal stimulere til auka samspel og samarbeid mellom kommunen og det frivillige.

Strategiarbeidet vart starta i juni 2022. Det var eit innspelsmøte med frivillige lag og organisasjonar i september. Rapporten frå dette møtet finn du her. Me starta å lage planen i desember 2022, den blei lagt ut på høyring i mars 2023 og vedteke politisk i august 2023.

Det er Ål Frivilligsentral og Kulturkontoret i Ål kommune som er ansvarleg for arbeidet. Det har og vore ei referansegruppe beståande av representantar frå Ål Musikkråd, Ål Idrettsråd, Røde Kors, Mental Helse og Sundre vel.

Planen vil bli evaluert etter to år.

Frivilligstrategi Ål kommune 2023-2025