Aktivitetskontakt er det som tidlegare vart kalla støttekontakt.
Kva er en aktivitetskontakt?
Du kan få aktivitetskontakt dersom du treng hjelp til å få ein meiningsfull fritid. Du må ha behov for hjelp og støtte til å delta i fritidsaktivitetar. Du må ha vanskar med å kome deg ut på eiga hand, og ha behov for hjelp til å delta i sosiale fellesskap. Aktivitetskontakten skal tilby sosialt fellesskap etter behov og følgje til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal baserast på den enkelte deltakar sine ønskje, behov og føresetnader. Deltakaren skal, ut frå sitt behov, få hjelp og støtte til samvær og aktiviteter over tid. Dette vil bidra til å styrke deltakarens evne til å uttrykkje seg, meistre ulike livssituasjonar og fremje trua på seg sjølv. Det vil seie auka sosial kompetanse og eit utvida nettverk.
Kostar det noko å få aktivitetskontakt?
Tenesta med aktivitetskontakt er gratis. Du får ikkje dekka utgifter til aktiviteter eller transport. Du kan ha rett til ledsagarbevis. Da får aktivitetskontakten din gratis eller rimelegare inngang mange stader.
Du kan søkje om å få aktivitetskontakt
Her kan du søkje om aktivitetskontakt. I søknaden kan du skrive kva som er viktig for deg i den situasjonen du er i. Du kan òg skrive kva som er dine behov og kva du meistrar sjølv. Tildelingsteamet vil vurdere behova dine, og i samarbeid med deg vil vi kome fram til rett teneste.
Om du ønsker å bli eller kjenner nokon som er interesserte i å vere aktivitetskontakt, kan du lese meir om dette på sida: Har du lyst til å bli aktivitetskontakt? Søk her.