Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Søk om helse- og omsorgstenester

Søknadsskjema


• Bruk dette skjemaet når du skal søkje om helse- og omsorgstenester i kommunen.
Fyll inn opplysningar øvst i skjemaet. 
Under punkta om behov orienterer du om kva du treng hjelp til.
Sjekkpunkt som kan vera lure å ha med:
 - Diagnoser/utfordringar
 - Konkret kva ein treng hjelp til

• Innan ei veke etter at meldinga er registreret på Omsorgskontoret blir du kontakta av ein fagperson som gjer avtale om heimebesøk. Fagpersonen gir deg informasjon og råd om kva for tenester kommunen kan tilby og hjelper deg med å fylle ut ein søknad. Tenestene vil bli lagde til rette i samråd med deg.

• Saksbehandlingstida er inntil fire veker.

• Alle som søkjer tenester får eit skriftleg svar med grunngjeving for vedtaket.

• Om du får avslag på søknad, eller mindre hjelp enn du har søkt om, kan du klage. Du kan òg klage på kvaliteten på tenesta du mottek. Ta kontakt med avdelingsleiar dersom du treng hjelp til å skrive ei klage.

• Ønskjer du informasjon om dei ulike tilboda i helse- og omsorgssektoren, tek du kontakt med Servicetorget, tlf.nr. 32 08 50 00, som òg formidlar kontakt til den enkelte avdeling.