Kommunen tilbyr praktisk bistand/heimehjelp på kvardagar til dei som har eit særleg behov for hjelp grunna sjukdom, funksjonshemming eller anna. Målet med tenesta er å gi brukaren hjelp til å meistre å bu i eigen bustad. Betaling for tenesta er etter inntekt.
Du vil kunne få hjelp til reinhald av kjøkken og bad, samt golv som er i dagleg bruk.
Du vil ikkje kunne få hjelp til:
- storreingjering/rundvask
- å vaske kjøleskåp og andre kjøkkenmaskinar
- reingjering av tepper utover støvsuging
- reingjering av rom ein ikkje nyttar
- å rydde eller vaske i kjellar eller loft
- vask av altan/terrasse
- å pusse vindaugo
- å stryke tøy
- å pusse sølv, kopar og messing
- matlaging
- innkjøp
- følge til lege eller tannlege
- å fyre opp i ildstad
- å hogge/bere inn ved
- hagearbeid og plenklypping
- snømakst
- stell av dyr