Omsorgsstønad
Omsorgsstønad er ei kommunal betaling til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
Kven får tildelt omsorgsstønad?
Omsorgsstønad kan tildelast personar som utfører omfattande og særleg tyngande omsorgsarbeid for ein nærtståande med stort omsorgsbehov. Dette kan gjelde:
- Tenestemottakarar med omfattande omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming, sjukdom eller andre årsaker
- Omsorgsarbeid som skjer i eigen heim
- Situasjonar der privat omsorg blir vurdert som best eigna
- For barn: omsorgsarbeidet må klart overstige vanleg omsorg for barn på same alder
Desse punkta er med i vurderinga av særleg tyngande omsorgsarbeid (alle punkt treng ikkje vera oppfylte):
- Omsorgsarbeidet strekker seg over eit stort timetal per månad
- Omsorgsarbeidet må vera meir fysisk og/eller psykisk belastande enn vanleg
- Omsorgsarbeidet inneheld mykje nattarbeid eller avbryting av nattesøvn
- Omsorgsarbeidet vart eller er forventa å vare i lang tid
- Omsorgsarbeidet har ført til sosial isolasjon eller mangel på ferie og fritid
- Omsorgsytar har ansvar for meir enn ein person
- Omsorgsytar har omsorgsplikt (det er berre vaksne med barn under 18 år som har omsorgsplikt)
Kva kan du få hjelp til?
Omsorgsstønad er ei økonomisk godtgjersle du kan få frå kommunen dersom dei vurderer at du har svært tyngjande omsorgsarbeid og gjer oppgåver som elles måtte ha vore utførte av kommunen.
Omsorgsstønad kan innvilgast åleine eller i kombinasjon med andre helse- og omsorgstenester.
Praktiske opplysningar
- Inntektstap gjev ikkje automatisk rett på omsorgsstønad
- Tenestemottakar må støtte omsorgsytar sin søknad om omsorgsstønad
- Tenestemottakar må bu heime, og det må vera søkt hjelpestønad frå NAV før eller parallelt med søknad om omsorgsstønad
Slik søkjer du
For å søkje om omsorgsstønad må du sende inn søknadsskjema. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med omsorgskontoret i telefontida.
Søk om omsorgsstønad
Søknad om helse og omsorgstenester (pdf)
Søknad sendast til:
Ål kommune v/Helse og omsorg
Omsorgskontoret
Torget 1
3570 Ål
Søknadsfristar
Det er ingen fast søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.
Prisar
Omsorgstønad er ei skattepliktig inntekt.
Kva skjer vidare?
Når søknaden er mottatt, vil kommunen vurdere behovet og fatte eit vedtak. Kommunen avgjer om omsorgsstønad vert tildelt, eller om behovet for tenester skal løysast på ein annan måte. Stønaden vert gitt der kommunen elles ville hatt vedtak på heimesjukepleie, eller andre kommunale tenester.
Klage
Både den hjelpetrengande og omsorgsytaren kan klage på vedtaket. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket. Klaga skal sendast til kommunen. I klaga bør du nemne kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen let vedtaket stå, vil saka bli oversendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Lovar og reglar
- Helse- og omsorgstenestelova § 3-6