Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Føremålet med BPA er å gje personar med stort hjelpebehov større fridom til å styre tenestene og kvardagen sjølv.

BPA er ein måte å organisere praktisk bistand og opplæring på. BPA er retta mot personar med langvarig og stort behov for personleg assistanse. Personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne kan ha rett til å få avlastingstiltak organisert som BPA. Meir informasjon finst i pasient- og brukarrettslova § 2-1 d.

Kven kan få BPA?

For å ha rett til å få BPA må du vere under 67 år, ha behov for bistand ut over 2 år og meir enn 32 timer per veke. Du kan også ha rett til BPA dersom hjelpebehovet ditt er mellom 25 og 32 timar per veke og kommunen ikkje kan dokumentere at BPA vil vere dyrare enn andre tenestetilbod. 

Dersom du har fått bistanden organisert som BPA før du fylte 67 år, gjeld retten også etter at du har fylt 67 år.

Dersom du har foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne kan du ha rett til å få avlastingstiltak organisert som BPA.

Det er kommunen som vurderer bistandsbehovet. Kommunen skal i samarbeid med brukaren vurdere om tenestene skal vere organisert som BPA.

Det er brukaren sjølv, eventuelt med bistand, som organiserer og leier arbeidet assistentane utfører. Ved BPA er det eit krav at arbeidsleiarrolla blir forsvarleg teken hand om.

Kva tenester kan organiserast som BPA?

Praktisk bistand, som kan omfatte:

  • Reingjering av opphaldsrom (bad, soverom og stove)
  • Skifte sengetøy
  • Vask av klede, henge opp og leggje på plass
  • Anna naudsynt hjelp til praktiske gjeremål i dagleglivet, som til dømes å tømme søppel, hente post, vaske opp

Avhengig av husstanden si inntekt kan det påløpe eigendel for tenestene som er nemnde ovanfor

Personleg stell og eigenomsorg, som kan omfatte:

  • Hjelp til å ete
  • Hjelp til å ivareta personleg hygiene, toalettbesøk m.m.
  • Hjelp til å stå opp og leggje seg
  • Hjelp til å handle mat og medisinar
  • Hjelp til å delta i fritids- og sosiale aktivitetar  

Ein har ikkje rett til å få helsetenester gjennom BPA. Men kommunen kan leggja til enkle helsetenester viss det er forsvarleg og føremålstenleg.

Ein får ikkje BPA for den tida ein er i barnehage, på skule eller er i arbeid.

BPA på reise

Kommunen innvilgar ikkje ekstra timar for å dra på ferie eller reiser. Men du har høve til å disponere timane du er innvilga fleksibelt, slik at du kan spare opp timar for å kunne gjennomføre ei reise. I utgangspunktet har du berre krav på å få hjelp frå Ål kommune så lenge du oppheld deg i Ål. Likevel kan du reise innanfor Noreg utan å varsle kommunen, så lenge det ikkje fører til auka kostnader for kommunen.

Du kan ikkje påleggje assistentane dine å vere med deg på reise. Viss du ønskjer at dei skal følgje deg, må du difor avklare dette både med dei og med tenesteleverandøren. Det må vere inngått skriftlege arbeidsavtalar med assistentane om kva arbeidstid, løn og andre arbeidsvilkår som skal gjelde under reisa.

Planlegg du å opphalde deg i ein annan kommune over lengre tid (fleire veker), bør du søkje om tenester i den aktuelle kommunen i god tid. Du må òg gi beskjed til saksbehandlaren din om at du blir borte over lengre tid (fleire veker). BPA-ordninga i regi av Ål kommune vil då bli sett på pause fram til du er tilbake i Ål.

Reiser til utlandet

Kommunen vil gjere deg merksam på at du ikkje kan bruke BPA når du oppheld deg i utlandet.

Kva oppgåver og ansvar har du som arbeidsleiar?

Arbeidsleiar har det daglege leiaransvaret i den enkelte BPA-ordninga, og må følgje lov- og avtaleverk. Oppgåvene som arbeidsleiar blir ikkje løna.

Oppgåvene inneber mellom anna å:

  • Utarbeide forslag til stillingsskildring og stillingsannonse i samråd med vald leverandør og delta aktivt i tilsetjingsprosessen
  • Overhalde arbeidsmiljølova sine føresegner ovanfor assistentane
  • Delta på kurs for arbeidsleiarar
  • Planleggje tida for assistentane innanfor ramma av vedtaket, gjeldande lovverk og tariffavtalar
  • Føre rekneskap over timebruk (overforbruk av timar i forhold til vedtaket er arbeidsleiar sitt ansvar)
  • Utarbeide ei detaljert arbeidsbeskriving og gi assistenten naudsynt opplæring
  • Syte for eit godt arbeidsmiljø. Heimen din er arbeidsplassen til assistenten
  • Gjennomføre medarbeidarsamtale éin gong i året

Om det er store utfordringar, for eksempel med kommunikasjon, demens, rus eller åtferd, kan BPA bli vurdert som ei lite eigna løysing.

Slik søkjer du

Du kan søkje om BPA ved å sende inn søknadsskjema eller kontakte Omsorgskontoret for rettleiing. Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer på vegner av deg. 

Pris for tenesta

Det kostar det same å ha BPA som å få praktisk hjelp i heimen (heimehjelp). Kommunen kan krevja eigenandel for praktisk hjelp som ikkje gjeld personleg stell og eigenomsorg.

Dette betyr at du må betale eigenandel for hjelp til husarbeid og reinhald – til dømes skifte av sengetøy, klesvask, rydding, tømming og fylling av oppvaskmaskin, golvvask og liknande oppgåver.

Kor mykje du må betale, avheng av talet på timar du har fått innvilga til slike oppgåver. Du vil få informasjon om dette i vedtaket om BPA.  

Sakshandsaming

Før vi kan avgjere saka, vil vi kartleggje behova og ønskja dine nærare. Vanlegvis gjer vi dette ved å kome heim til deg på besøk. Etter kartlegginga fattar vi eit vedtak. Vedtaket seier kor mykje hjelp du får, og kva du får hjelp til.

I vedtaket skal det stå kor mange timar med BPA du får i veka, og kva slags behov som skal dekkjast gjennom BPA-ordninga.

Reglane seier at timetalet du får med BPA, i utgangspunktet skal vere det same som du ville fått med vanlege tenester.

Dersom noko av hjelpa kan løysast på ein forsvarleg måte med til dømes velferdsteknologi, kan det påverke kor mange timar du får med BPA.

Tid som går til administrasjon av BPA-ordninga, eller hjelp knytt til dette, blir ikkje rekna med når vi vurderer om du har rett til BPA.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka di så raskt som mogleg. Dersom det tek meir enn éin månad, skal du få skriftleg beskjed om kvifor, og når du kan vente å få vedtak. 

Du kan klage på vedtaket

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen. Du må klage innan fire veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast.

Du sender klagen til kommunen. Kommunen går gjennom saka på nytt. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer klagen.

Treng du hjelp til å klage, kan du kontakte kommunen.

Lover, forskrifter og rundskriv

Pasient- og brukerrettighetsloven 

Helse- og omsorgstjenesteloven

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester

Rundskriv I-9/2015 Rettighetsfesting av brukerstyrt personlig assistanse

Rundskriv I-15/2005 Brukerstyrt personlig assistanse (BPA) - utvidelse av målgruppen

Rundskriv I-20/2000: Brukerstyrt personlig assistanse

Rundskriv I-4/2024 Om brukerstyrt personlig assistanse