Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Rehabilitering, fysio- og ergoterapi

Fysioterapi

Tenester kommunale fysioterapeutar:

  • Førebyggande tiltak i skular og barnehagar
  • Førebyggande tiltak i samarbeid med helsestasjonen
  • Friskliv, helsesamtale, trening i grupper
  • Rehabilitering og behandling i institusjon, poliklinikk og private heimar
  • Behandling og trening individuelt og i grupper i sal og varmtvatnbasseng
  • Hjelpemiddelformidling, søknader, utprøving og tilpassing
  • Psykomotorisk fysioterapi

Tenester fysioterapeutar med driftsavtale:

  • Behandling og trening individuelt og i grupper
  • Rehabilitering i poliklinikk

 

Kontakt oss:
Fysioterapitenesta i Ål
Ål Helsesenter
3570 Ål

Kommunalt tilsette fysioterapeutar
Tlf 3208 5260 Hovudnummer fysioterapi
Tlf 3208 5263 (Vilde Springgard og Live Haugen Slettemoen)
Tlf 3208 5266 (Mona Sando og Marianne Gullen Greftegreff)

Fysioterapeutar med driftsavtale:
Finn Jahr: Tlf 3208 5260
Tore Larsson Tlf 3208 5260
Solveig Hagen Paulsen Tlf 3208 5260

 

Friskliv

​Ønsker du hjelp og støtte til å kome i gang eller endre vaner knytt til fysisk aktivitet, kosthald og/eller røyk? Ta kontakt med frisklivssentralen. Vi kan vere ein støttespelar til å endre vane.

Timeplan for vinteren 2022

Lurar du på noko, kontakt oss på friskliv@aal.kommune.no
eller telefon 95 98 04 95.

Frisklivssentralen har eit strukturert henvisnings- og oppfølgingssystem for dei som kan ha nytte av å endre helseåtferd. Det er helsepersonell eller NAV som skriv ut resept. Ein kan ôg kontakte Frisklivssentralen på eige initiativ. Ein treng ikkje å vere sjuk eller ha ein diagnose.

Frisklivssentralen er samlokalisert med ergo-/fysioterapiavdelinga.

"Mennesket er skapt for bevegelse. Et stillesittende liv fører derfor til økt sykdomsrisiko. Regelmessig fysisk aktivitet og trening kan forebygge sykdom, og til og med kurere en rekke sykdommer. Så enkelt er det egentlig, men likevel så vanskelig." (Aktivitetshåndboka 2008)

Vi kan hjelpe deg i gang! Frisklivssentralen Ål arrangerer frisklivstrening. Treningane er eit lågterskeltilbod og blir leia av fysioterapeut. Dei går kvar veke, og det er aldri for seint å starte!

Ved spørsmål, kontakt:

Frisklivskoordinator tlf 3208 5267/ 95 98 04 95. Kontor i avdeling fysio-/ergoterapi.

 

Ergoterapi

Målet for ergoterapi er å betre den einskilde sine høve til å utføre meiningsfulle aktivitetar og fungere i miljøet og i dagleglivet.

Tenester ergoterapi:

  • Kartlegging av funksjonsnivå og livssituasjon
  • Trening i kvardagslege aktivitetar
  • Planlegging og tilrettelegging av miljø
  • Hjelpemiddelformidling, søknader, utprøving og tilpassing
  • Råd og rettleiing om universell utforming for offentlege og private bygg
  • Tverrfagleg brukarretta samarbeid
  • Syn – og høyrselskontakt i kommunen.
  • Rehabilitering i institusjon.

Aktuelle lenker:
NAV (Hjelpemiddelsentralen i Buskerud)

Kontakt:
Ergoterapitenesta i Ål
Ål Helsesenter
3570 Ål

Telefon 3208 5262 (Tove Bråten)

Telefon 3208 5265 (Camilla Skjelstad)

Hjelpemiddel

Fysio- og ergoterapeut formidlar hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne etter sjukdom eller skade. Tilbodet gjeld alle aldersgrupper og alle som bur eller oppheld seg i Ål kommune.

NAV gjennom hjelpemiddelsentralen i Buskerud har ansvar for utlån ved varige behov.
Avdelinga hjelper med søknad. Ved akutte behov kan kommunen hjelpe med mellombels utlån frå sitt kottidslager inntil søknad vert innvilga.

Ål kommune har ansvar for utlån ved mellombels og kortare behov. Avdelinga har lager for slike korttidsutlån, og det er vanligvis ingen ventetid.

Avdelinga hjelper med søknader, utkøyring, tilpassing, montering, reparasjonar og retur.

Lenker:

Lov om folketrygd

NAV(Hjelpemiddelsentralen i Buskerud)

Kontakt:

Fysio- ergoterapitenesta Ål
Ål Helsesenter, 3570 Ål
Telefon 3208 5262
Telefon 3208 5265

 

Heimevaktmester

Heimevaktmester yter tenester til eldre og funksjonshemma.
Heimevaktmester samarbeider nært med fysio- og ergoterapeutane i kommuna.

Heimevaktmester kan gje hjelp med følgjande:
Utkøyring, henting, montering/demontering av hjelpemiddel, reparasjon av hjelpemiddel, skifting av lyspærer, sikringar og liknande.
Snørydding etter søknad.

Melding om behov for tenester frå helse og omsorg Ål kommune - 2018.pdf

Kontakt:
Heimevaktmester
Avdeling Fysio- ergoterapi
Ål Helsesenter, 3570 Ål
Telefon 9928 7945

 

Dagsenter - ergoterapi

Dagsenter ergoterapi er ope for bebuarane på sjukeheimen, hybelbuarar, heimebuande i private heimar og omsorgsbustader. Dagsenteret kan tilby samvere med andre, meiningsfylte aktivitetar, kognitiv stimulering, trim og turgåing, kjøkkentrening, turar og utflukter, og næringsrik lunsj.

 

Transport til og frå blir organisert av dagsenteret og skjer med eigen buss eller taxi.

Fire aktivitørar har ansvar for den daglege drifta.

Tilbodet er gratis og blir tildelt etter behov.

Kontakt oss:
Dagsenter - ergoterapi
Avd. Fysio- ergoterapi
Ål Helsesenter, 3570 Ål

Tlf 3208 5268

Melding om behov for tenester frå helse og omsorg Ål kommune - 2018.pdf

 

Dagsenter hukommelsessvikt

Dagtilbod til personar med demens som bur heime. Målet med tiltaket er å skapa eit trygt miljø der god mat, hyggeleg fellesskap, tilrettelagte aktivitetar og gode opplevingar kan bremse eller redusere demensutviklinga.

 

Transport til og frå blir organisert av dagsenteret og skjer med eigen buss eller taxi.

Tilbodet er gratis og blir tildelt etter behov.

Kontakt oss:
Dagsenter - hukommelsessvikt
Avd. Fysio- ergoterapi
Ål Helsesenter, 3570 Ål

Tlf 3208 5258

Melding om behov for tenester frå helse og omsorg Ål kommune - 2018.pdf

 

 

Rehabiliteringsteamet

 

I Ål kommune har helse – og omsorgssektoren eit tverrfagleg Rehabiliteringsteam. Teamet består av lege, psykiatrisk sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut.

Teamet tilbyr hjelp til personar med samansette vanskar, hjelp til å orientere seg på nytt og til å leve under nye føresetnadar.

Målgruppa er personar:

-  som har vore utsett for sjukdom eller skade som gjer at livssituasjonen har endra seg. Det kan vere både fysisk, psykisk og/eller sosialt,

- med behov for tenester frå mange instansar og

- som treng hjelp til å finne vegen vidare.

Tenesta er gratis. Ein kan ha med seg ektefelle, føresette eller annan person til møtet med teamet.

Kontakt oss:
Rehabiliteringsteam
Avd. Fysio- ergoterapi
Ål Helsesenter, 3570 Ål

Tlf 3208 5261

 

Oppsøkande team

Teamet er tverrfagleg og består av ei 50 % stilling frå heimetenesta, 40 % stilling frå avd. Stugu og 10 % stilling frå avd. fysio-ergoterapi. Teamet har tre oppgåver:

 

  • Forebyggande heimebesøk  - tilbod til eldre i kommunen over 80 år som ikkje mottar kommunale tenester. Besøket tek utgangspunkt i ei samtale om helse, tryggleik og trivsel, samt andre forhold som påverkar den eldre sin livssituasjon, som den eldre sin kvardag, bustadforhold, familie og nettverk, eller praktiske ting og tilrettelegging i bustaden. Målsetjinga med besøket er å:
    • informera om omsorgstenestene sine tilbod og kunne gje råd og rettleiing til den enkelte,
    • ha fokus på brukaren sine ressursar og evne til eigenomsorg,
    • stimulere evna til å bu i eigen bustad lengst mogeleg.

 

  • Demensteam

Demensteamet sine oppgåver er å:

  • samarbeide med fastlege om kartlegging, utgreiing og oppfølging ved mistanke om kognitiv svikt og demens,
  • tilby heimebesøk og pårørandesamtaler,
  • informere om kommunen sine tenestetilbod,
  • vera behjelpeleg med å finne fram til gode tenester og hjelpemidlar,
  • bidra til å utvikle demensomsorga i kommunen,
  • gje informasjon og undervisning om demens til helsepersonell, lag, organisasjonar og kommunen sine innbyggjarar generelt,
  • arrangere pårørandeskule – eit tilbod til pårørande.

 

  • Kartleggingsbesøk på bestilling frå Tildelingsteamet. Når tildelingsteamet tek mot søknad om tenester frå folk dei ikkje har kjennskap til frå før, vil oppsøkande team reise ut på eit kartleggingsbesøk.
  •  

Kontakt oss:
Oppsøkande team
Avd. Fysio- ergoterapi
Ål Helsesenter, 3570 Ål

Tlf 3208 5348

 

Koordinerande eining

 

Logoped

Her kan du finne meir informasjon om logoped-tilbodet.