Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ungdom

HallUnglogo.jpg

Ungdomsklubb for alle i Hallingdal frå 15.00 til 19.00 på Sundrehall kvar tysdag og torsdag!

Aldersgruppe: 13 til 16 år

På HallUng kan vi mellom anna arrangere temafestar, workshops, dancecamps, LAN-party og mykje meir. Vi har også moglegheit til å skaffe midlar og organisere aktivitetar og utflukter utanfor HallUng.

Har de tankar eller idear? Kom med dei! 😊 

Sjå meir informasjon her: Ål ungdomsfrivilligsentral - HallUng

BUA.png

På BUA Ål kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis!

Aldersgruppe: For alle

På BUA Ål kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis! Vi har sjølvbetjent filial på Samhald Bygdesenter. Filial ved Oppsjø Vasspark med utstyr til vassaktivitetar er opent sporadisk.

Aldersgruppe: For alle

Fast opningstid BUA Ål på kulturhuset er tysdag og torsdag - mellom kl 14.30 - 17.00
Du kan låne gratis fritidsutstyr inntil 1 veke. 

For å låne utstyr, må du registrere deg inn med brukar på www.bua.no
Her kan du også sjå kva utstyr vi har inne til ei kvar tid. 

På BUA gjeld alltid "fyrste mann til mølla". Det er ikkje anledning til å reservere utstyr.

Les meir

Ungdomskulen har MOT programmet Robust ungdom 13-16 år som består av 12 økter gjennom ungdomskulen. 

MOT har tre verdiar- MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å si nei.
For dei som ynskjer å vite meir om MOT:
 
UngeMOTivatorer (UMM) 
Ungdomsskulen søker kvart år etter elevar som ynskjer å bli UMM. Formålet med Ung MOTivator er todelt: Å skape ein tryggare overgang frå barne- til ungdomsskulen, og bruke positive rollemodellar for å forsterke eit godt skule- og oppvekstmiljøet, gjennom at ungdommane sjølv  tek ansvar. Ung MOTivator er ein rollemodell på å være seg sjølv, bry seg og inkludere alle.

Ungdomsrådet er eit rådgivande medverknadsorgan i kommunen jf. kommunelova § 5-12.

Ungdomsrådet består av inntil 15 medlemmer og 9 varamedlemmer. Eitt medlem frå kvar klasse på ungdomstrinna (8.,9. og 10.trinn). Elevar i vidaregåande skule kan halde fram som medlemmer etter ungdomsskulen om dei ynskjer det. Ungdomsrådsrepresentantane vert valt av kommunestyret for eitt år om gongen, og funksjonstida følgjer skuleåret. Medverknadsorgana er partipolitiske uavhengige og rådgjevande organ.  

Alle saker som gjeld ungdom kan leggast fram for ungdomsrådet. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ.

Formålet med ungdomsrådet er å bidra til å sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom.  

Ungdomsrådet fordeler midlar frå kontoen for sals- og skjenkeavgifter.  

Ein representant frå ungdomsrådet sit i Hallingdal ungdomsråd (HUR).

Her finner du mer informasjon om helsestasjon for ungdom.

Ål ungdomsfrivilligsentral

Her finner du informasjon om kultur og fritidstilbud

Lokal fritidskasse for barn og unge - Ål kommune

Snapchat - ungaaling

Ungdomskonsulenten i Ål kommune har ein eigen snap-konto der noko informasjon blir lagt ut.

Den heiter ungaaling. Søk den opp og legg deg til.

Facebook - Ung i Ål

På denne facebooksida blir det mellom anna lagt ut informasjon om arrangement.