Pedagogisk psykologisk teneste for Ål (PPT) er ei kommunal teneste for Ål kommune.
Telefon: 32 08 52 80
Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk psykologisk teneste. Tenesta har heimel i Opplæringslova.
Tenesta har ansvar for barn og unge som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i. I tillegg har tenesta ansvar for vaksne med rett til grunnskoleopplæring.
Tenesta skal hjelpa skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for eleven/barnet med særlege behov. Den pedagogisk psykologiske tenesta skal sørgja for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det.
Kva arbeider PPT med?
- Funksjonshemmingar av ulike slag
- Fagvanskar (t.d. lese-/skrivevanskar, matematikkvanskar)
- Språk- og talevanskar
- Åtferdsvanskar
- Sosiale- og emosjonelle vanskar
- Systemarbeid i skuleklassar/barnehageavdelingar
Kontakt med PPT
Foreldre kan sjølve ta kontakt med PPT for oppmelding. Når andre, til dømes skule eller barnehage, ynskjer at barnet skal meldast til PPT-kontoret, må alltid foreldra vera samde i dette, og skriva under tilmeldingskjemaet.
Klassar og barnehageavdelingar kan og meldast til PPT.
Meldingsskjema kan du få i barnehagar og skular eller ved å ta kontakt direkte med PPT-kontoret. Det er ingen søknadsfrist. Meldingane vert handsama etter kvart som dei vert motteke.
Tilsette ved PPT-kontoret har teieplikt og alle tenester er gratis.
Besøksadresse: Sundrevegen 95, Ål
Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Org.nr. : 974.642.611