Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Psykisk helse barn og unge

Psykisk helse barn og unge er eit lågterskeltilbod for born og unge fra 0-18 år. Alle kan ta kontakt og få ei avtale. Vi ynskjer at born, ungdom og foreldre tek kontakt med oss så tidleg som mogeleg ved behov. Vi har eit kontaktskjema der du kan tydeleggjere kva du ynskjer hjelp til. Du kan også kontakte oss direkte på telefon. 

Tilbodet er gratis.  

Vi jobbar med:

  • Helsefremmande og førebyggande arbeid for born og unge.   
  • Oppfølging og behandling av lette til moderate psykiske helseplager.
  • Veiledning til born, ungdom og foreldre, men også til andre vaksne som er viktige for bornet/ ungdommen.

Vi tilbyr: 

  • Støttesamtaler, behandling, råd og veiledning
  • Deltaking på samarbeidsmøter rundt born og unge     

Kontaktskjema til Familiens hus

Kven er vi:

Johanne Skagenæs-Søreide, Tlf.: 481 44 662

Line Marie Frantzen, Tlf.: 901 30 447

Marit Lunden Tveit, Tlf.: 984 24 712

Beate Luksengard Bergum, Tlf.: 905 88 791

Om du ikkje treffer oss på telefon, send oss gjerne en sms så ringer vi deg opp igjen.

Plan for psykisk helse og rus 2021-2025 (pdf).