Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Foreldrestøttande tiltak

  • Foreldrerettleiing eller kurs som ICDP og Cos (Trygghetssirkel).
  • Foreldreførebuande kurs. 3 kveldar, 3 gongar i året. Kurset blir halde av jordmor, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar og familievernet.
  • Foreldrenettverksplan.

Familiens Hus Ål inviterer til interkommunalt kurs for foreldre. Gjennom kurset møtast foreldre for å utveksle erfaringar og reflektere over eigen omsorgspraksis. Målsettinga er at den enkelte mor og far skal finne tryggleik og bekrefting på at dei er gode foreldre ved å bli bevisst på kva dei gjer som er bra for barna. Det vert ikkje gjeve nokon oppskrift, men hjelp til å finne sine eigne løsningar.