Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Skulehelseteneste

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut og er et tilbod som finst på alle skular. Skulehelsetenesta jobber helsefremjande og førebyggjande på individ, gruppe og systemnivå. Helsesjukepleiar har faste trefftider på skulane. Elevar og foreldre kan ta kontakt etter behov. 

Me tilbyr: 

Samtaler, råd og veiledning invdividuelt, i grupper eller klassevis

Vaksinasjon i samsvar med nasjonalt vaksinasjonsprogram

Konsultatsjon/helseundersøking på ulike alderstrinn

Undervisning

Tverrfagleg samarbeid

Foreldreveiledning

Skulehelsetenesta samarbeidar med elevar, føresette, lærare og skuleleiinga og henvisar til andre instansar ved behov.

Skulehelsetenesta kan nå kontaktes via Helse Norge. Det er ikkje mulig å bestille time selv, men be om time og stille spørsmål.

Helsesjukepleiar i barne og ungdomsskulen

Trefftid på skulane  

Nedre Ål
Måndag og fredag kl. 09.00 - 14.00
Tysdag kl. 12.00 - 14.00
Kontakt: Randi Torgun Myhre
Telefon: 951 96 799  

Skattebøl skule
Torsdag kl. 09.00 - 14.00
Kontakt: Randi Torgun Myhre
Telefon: 951 96 799  

Torpo skule
Torsdag kl. 09.00 - 14.00
Kontakt: Anikken Jensen Teigen
Telefon: 979 66 553  

Nordbygdene skule
Onsdag 09.00 - 13.00
Kontakt: Randi Torgun Myhre
Telefon: 951 96 799 

Ål ungdomsskule
Onsdag og fredag
Kontakt: Anikken Jensen Teigen og Maj Britt Luksengard
Telefon: AJT: 979 66 553 - MBL: 99 28 78 53

 

Kva skjer på dei enkelte klassetrinn?

1. trinn Skulestartundersøking i løpet av skuleåret med helsesjukepleiar og lege.
2. trinn

Tilbod om vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (DTP-IPV).

Skriftleg timeinnkalling på helsestasjonen blir sendt ut i framkant. 

Undervisning om vold. Sjå Redd Barna.

3. trinn

Time i klassen med helsesjukepleiar og fysioterapeut, tema Helse. Individuelle samtale med helsesjukepleiar. Høgde og vekt måling. Fysioterapeut vurderer rygg, føtter og generell haldning .

Undervisning om overgrep. Sjå Redd Barna.

4. trinn

Undervisning i klassen. Tema psykologisk førstehjelp, hjelpehanda

5. trinn

Gruppesamtaler, tema pubertet

6.trinn

Tilbod om MMR-vaksine.

Vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar. Elevane får tilbod om  vaksinering på skulen. Føresette får skriftleg informasjon om vaksina og må fylle ut samtykkeskjema før vaksina kan setjast.

7.trinn

Tilbod om HPV- vaksine - vaksine mot Humant papilloma virus            (2 dosar).

Elevane får tilbod om vaksinering på skulen. Føresette får skriftleg informasjon om vaksina og må fylle ut samtykkeskjema før vaksina kan setjast.  

8. trinn

Helsesamtaler

Elevane blir kalt inn til ein individuell helsesamtale med helsesjukepleiar. Føresette/elevar blir informert skriftleg i framkant og skal fylle ut eit spørjeskjema som tas med til helsesamtalen.

Høgde- og vektmåling. 

9. og /eller 10. trinn

Helsesjukepleiar og turnuslege har undervisning med tema seksualitet.

10. trinn

Tilbod om ­­­vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (DTP-IPV)

Elevane får tilbod om vaksinering på skulen. Føresette får skriftleg informasjon om vaksina og må fylle ut samtykkeskjema før vaksina kan setjast. 

Barnevaksineringsprogrammet

Barnevaksinasjonsprogrammet.

Elevane får tilbod om vaksinering på skulen. Føresette får skriftleg informasjon om vaksina og må fylle ut samtykkeskjema før vaksina kan setjast. 

Kosthald

Kosthold for barn og unge - Helsenorge

Kosthold for barn mellom 6 og 12 år - Helsenorge

Skjermbruk

Stillesitting og skjermbruk for barn i skolealder - Helsenorge

Aktivitet

Fysisk aktivitet for barn og unge i skolealder - Helsenorge

Søvn

Sliter barnet ditt med å sove? - Helsenorge

Utleige
  • Enuresealarm for bruk ved nattevæting.

Ta kontakt med helsestasjon for priser og avtale leige. Tlf: 3208 5290.

Andre nyttige nettsider
Nyttige telefonnummer

Alamtelefonen for barn og unge: 116 111

Skulehelsetenesta i vidaregåande skule

Det er helsesjukepleiar på alle vidaregåande skular. Desse jobbar med førebyggjande helsearbeid og oppfølging av enkeltelevar. Både elevar og foreldre kan ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen sin dersom dei treng hjelp eller har spørsmål om eleven si helse eller trivsel. Helsesjukepleiar har taushetsplikt.

Måndag 08.00 - 15.00
Kontakt: Silje Nymoen Vestenfor
Telefon: 481 81 846