Er du gravid og bur i Hallingdal?
Du kan få oppfølging og faste kontroller hos jordmor på din helsestasjon. Ta gjerne kontakt så tidleg som mogleg etter ein positiv graviditetstest, for ei samtale.
Svangerskapsoppfølging hos jordmor eller fastlege gir tryggleik og god førebuing til fødsel, amming og det å bli foreldre. Du vel sjøl om oppfølginga skal være hos jordmor eller fastlege. For mange er det fint med ein kombinasjon. Tilbudet er gratis.
Gravide får tilbud om kontroller etter tilrådingar i nasjonale retningslinjer. For å sikre at mor og barn har det bra blir det tatt ei rekke prøver og undersøkingar. I tillegg får du råd og rettleiing tilpassa ditt behov. Barnefar, partner eller annan ledsager er velkommen til å vere med.
Om det blir oppdaga tilstandar under graviditeten som krev tettare oppfølging, har vi godt samarbeid med sjukehuset du skal føde på. Strevar du med vanskelege tankar i forhold til graviditet eller livssituasjon, har vi eit tett samarbeid med andre faggrupper i kommunen som kan vere viktige støttespelarar for deg.
Tilrådde kontroller i svangerskapet
Gravide får tilbud om eit basisprogram med ni konsultasjonar, inkludert fosterdiagnostikk:
- Tidlig ultralyd i svangerskapveke 11+0 – 13+6 for alle gravide
- NIPT for trisomi 13, 18 og 21 for gravide som er 35 år eller eldre ved termin eller har ein annen indikasjon
Ved behov får gravide tilbod om ekstra oppfølging utover basisprogrammet.
Veke 6-12 |
Startkontakt/Livsstils samtale/ utfylling av helsekort/ prøvetaking Jordmor og lege (prøvetaking) |
Veke 11-14 | Tidlig ultralyd på fødeavdelingen |
Veke 17-19 | Rutine ultralyd på fødeavdelingen |
Veke 24 | Jordmor/lege |
Veke 28 | Jordmor/lege |
Veke 32 | Jordmor/lege |
Veke 36 | Jordmor/lege |
Veke 38 | Jordmor/lege |
Veke 40 | Jordmor/lege |
4 - 7 dagar etter termin | Trivselskontroll på sjukehuset |
11 dagar etter termin | Innleggelse på sjukehus for igangsettelse |
6-8 veker etter fødsel | Etterkontroll for mor hos jordmor/lege |
Timebestilling
Du kan no kontakte Jordmortjenesten via Helse Norge. Der kan du be om time og stille spørsmål.
Du kan framleis bestille time ved å ta kontakt med helsestasjon/ legekontor i din kommune.
Ål helsestasjon | 32 08 52 90 |
Ål legekontor | 32 08 53 50 |
Helsekort for gravide
Helsekortet er eit viktig dokument der opplysningar om graviditeten blir dokumentert, samt opplysningar som er relevant for svangerskapet og fødselen. Helsekortet er ditt dokument som du har med til kontroll hos jordmor, lege, ultralyd og fødeavdelinga.
Ultralyd
Alle gravide får tilbod om ultralydscreening i svangerskapet.
- tidlig ultralyd i svangerskapsuke 11+0 – 13+6 for alle gravide
- Rutine ultralyd veke 17-19 for alle gravide
Dette er eit frivillig tilbod, og jordmor/ lege sender søknad om time etter første konsultasjon. Tidspunkt for ultralyd vil du få tilsendt frå sjukehuset. Etter ultralydundersøkelsen får du med eit skjema som skal ligge saman med helsekortet ditt.
Blodprøver
Ved første besøk hos lege blir det tatt svangerskapsrelaterte blodprøvar.
Hep B, HIV, Syfilis, Hb, ferritin, blodtype og immunisering og blodtypeantistoff. For dei av dykk som er Rhesus negativ blir det tatt ny blodprøve i svangerskapsveke 24. Gravide som fell under tilrådingar om sukkerbelastning, tar dette rundt svangerskapsveke 24. Ein får og tilbod om ein Hb – kontroll i svangerskapsvekeveke 28. Hugs å ta med legitimasjon til blodprøvetaking.
Foreldreforberedende kurs
Helsestasjonen tilbyr foreldreforberedende kurs jevnlig. Hensikten med kurset er å gi blivende foreldre økt kunnskap om siste del av svangerskapet, fødsel og barseltid.
Tema på kurs:
- Fødsel og kva fremmar ein god fødselsoppleving
- Barseltiden på sjukehuset og første tida heime
- Amming
- Det nyfødte barnet og samspill
- Det å bli foreldre, og endring i parforholdet/familien
- Bekkenbunnstrening
Heimebesøk
Vi tilbyr å komma heim til alle foreldre 1-3 dager etter heimreise frå barselavdelinga på sjukehuset. Helsesykepleier kjem ca. ei veke etter hjemmebesøk frå jordmor.
Etterkontroll
Mor blir tilrådt ein kontroll 6-8 veker etter fødsel. På denne kontrollen kan du snakke med oss om fødselsopplevinga, tida på sjukehuset, korleis du har hatt det dei første vekene etter fødsel og seksualitet. Vi tilbyr prevensjonsveiledning og skriv ut resept ved behov. På enkelte helsestasjonar kan jordmor sette inn spiral og p-stav, samt ta celleprøve fra livmorhalsen. Du vel naturlegvis sjøl om du vil gå til jordmor eller lege. Timen må du bestille sjølv.
Utstyr til leie
Det er mogleg å leie brystpumpe på helsestasjonen. Dette er gratis. Flaskesett kan kjøpast på helsestasjonen din.
Barselgrupper
Alle som har fødd blir invitert til samling med barna på helsestasjonen. Dette blir noko ulikt organisert frå kommune til kommune i Hallingdal.
Tematreff
Helsestasjonen tilbyr gratis tematreff jamleg iløpet av året. Sjekk ut program til din lokale helsestasjon og bli med.
Jordmorvakt
Jordmorvakt er eit tilbud til gravide i Hol, Ål, Gol og Hemsedal.
Vakthavande jordmor er tilgjengeleg på vakttelefon hele døgnet.
Tlf. 90 67 10 90.
Dersom du ikkje får kontakt med vakthavende jordmor, ta kontakt med legevakt 116 117.
Jordmorvakt er eit interkommunalt samarbeid mellom jordmødrene i Hallingdal.
Gravide i Nes og Flå tar direkte kontakt med sjukehuset.
Sjukehus
Ringerike sykehus, føde/barsel avd | 32 11 61 04 |
Drammen sykehus, fødeavd | 32 80 32 51 |
Kongsberg sykehus, føde/barsel avd | 32 72 57 13 |
Lenker til nyttige og trygge nettstader
Gode levevaner før og i svangerskapet
Graviditet, fødsel og barseltid i Norge
Screening og rutineundersøkelser i svangerskapet
Informasjon til gravide om fosterdiagnostikk
Helsenorge - Informasjon om graviditet
Matportalen - Kosthold for gravide
Kjenn liv/fosterbevegelser i svangerskapet
Folkehelseinstituttet - Svangerskap og fødsel
Nav - Stønader i svangerskapet
Ammebrosjyre - Hvordan du ammer barnet ditt
Filmen "Bryst er best" på ulike språk