Dersom noko skjer med foreldre eller barn påverker dette heile familien, kvardagen endrar seg og livet blir annleis. I tilfelle der foreldre eller søsken har, eller blir rammet av sjukdom - psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller skade - er barn pårørande. Barn kan også vere pårørande dersom foreldre eller søsken misbruker rusmiddel, det er vald i heimen eller der nære personar døyr.
Barn som pårørande blir i de fleste tilfelle godt ivaretatt og klarer seg godt. Nokon av barna utviklar eigne problem som kan vise seg i oppveksten eller bli synlige når barna blir eldre. Barn som opplever store belastningar i oppveksten kan utvikle angst, depresjon, åtferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar og dei har større risiko for fråfall i skule og utdanning. Det er kjent at barn som opplever fleire belastningar samtidig, har større sjanse for å utvikle eigne problem.
Loven seier at helsepersonell har ei plikt til å bidra til at barn som pårørande til sjuke foreldre eller søsken blir ivaretatt. Dette gjeld også dersom nokon i næraste familie døyr. I tillegg skal tilsette som jobbar i skule og barnehage (tilsette som jobbar med barn og unge) ha kunnskap om kva dei skal gjere om dei er bekymra for eit barn, trur at eit barn ikkje har det slik som det skal eller ser andre symptom eller risikofaktorar som gjer dei til utsette barn og unge.
Barneansvarleg i Ål kommune:
Anikken Jensen Teigen
Helsesjukepleiar
Tlf 32 085290 eller 97966553 måndag-fredag