Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Psykisk helse og rus for vaksne

Avdelinga har tilsette med ulik kompetanse, m.a. psykiatriske sjukepleiarar, helsefagarbeider, sosionom og erfaringskonsulent. 
 
Lågterskel møteplass - Varmestugu 
Huset Varmestugu har ein nøkkelfunksjon for både brukarar og tilsette, ein uformell møteplass der brukarar av tenesta har ein trygg møteplass. Faste tider til felles måltid, turar og felles ansvar for at huset skal vere ein trygg og triveleg møteplass. 
 
Butiltak 
Bufellesskapet på Leksvol har åtte sjølvstendige husvære og eit stort felles areal.  
 
Miljøterapi 
Forenkla sagt så er miljøterapi å leggje til rette for deltaking i dagleglivet med det formål å lære brukarane praktiske og sosiale ferdigheiter. Det kan vera eigenomsorg, daglege gjeremål, det å omgåast med andre og ta ansvar for fellesskapet. Mykje praktisk hjelp og bistand.
 
Gruppetilbod med vekt på fysisk aktivitet 
Grupper for lett styrketrening, ballgruppe og tur kvar onsdag tilpassa vêr og føre. 
 
KID-kurs (kurs i depresjonsmeistring) 
Kvart år gjennomfører avdelinga KID-kurs; eit kurs som gir den enkelte verktøy og meistringsstrategiar for å meistre depressive tankar og periodar. 
 
Nettverksmøtet 
Er ein metode som er basert på teorien om open dialog, der familie og nettverk blir inviterte av den som tek i mot helsehjelp med formål om å dele, hente støtte og finne løysingar i lag. 
 
Pårørandearbeid 
Pårørande er ein viktig ressurs for den som blir sjuk. Behovet for oppfølging og informasjon skal alltid bli undersøkt og følgd opp. Pårørandegruppe kan vera ein del av dette. 
 
Behandlingssamtaler 
Behandling gjennom samtale enten på kontor eller ved heimebesøk som tek utgangspunkt i det den enkelte beskriv som utfordring og han/ho har eit mål for kva han/ho ønskjer å oppnå gjennom behandlinga.  
Motivasjonssamtaler for å endre på rusvanar og avhengigheit er òg ein del av dette. 
 
Koordinering av tenester 
Mange av brukarane har samansett problematikk og har mange kontaktar i hjelpeapparatet, og det er krevjande å halde oversikt. Ein del av dette er samarbeidsmøte, ansvarsgrupper og IP (Individuell plan). 
 
Tilrettelegging av arbeid / aktivitet 
Forpliktande avtaler om arbeid og deltaking i eit fellesskap er ofte den viktigaste faktoren til betring og stabilisering. Mange har difor faste oppdrag tilpassa den enkelte, andre har varig tilrettelagt arbeid på Vinn. 
Avdeling har tett samarbeid med NAV i forhold til IPS Ung.
 

IPS ung er eit tilbod til deg mellom 16-30 år, som har det vanskeleg psykisk eller har utfordringar med rus. Treng du hjelp til å starte eller komme attende til jobb eller skule, kan IPS ung vere eit tilbod. IPS ung er eit samarbeid mellom NAV og psykisk helse i kommuna.

Sjå film om IPS ung.

Sjå Nav for meir informasjon.

 
Sorg- og krisearbeid 
Avdelinga har ein representant i det faste Sorg- og kriseteamet i kommunen. Alle tilsette i avdelinga kan bli involverte i oppfølgingsarbeid etter ei alvorleg krise eller ulukke.
 
Kontakt
Psykisk helse og rus
Avdeling Meistring
Helsehuset, 3570 Ål
Tlf. 916 66 850
 
Telefonen er betjent måndag-fredag kl. 08.00-15.30.
Akutt kontakt utanom telefontid må bli retta til Hallingdal legevakt, 116 117