Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Avdeling Meistring

Avdeling Meistring gir eit variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Det er ei lågterskelteneste der brukaren sjølv kan ta kontakt for hjelp. Mange vert også tilvist frå lege eller andre samarbeidspartar og me har godt etablert samarbeid med spesialisttenesta.
 
Me er ei verksemd i utvikling og som ynskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen.
 
Avdelingsleiar:
Live Magnetun, tlf. 32 08 52 61, live.magnetun@aal.kommune.no
 
Trening
 
Fysioterapi 
  • 1-1 behandling og oppfølging
  • Gruppetilbod - Aktiv A (aktiv med artrose), Fallforebyggande for eldre
  • Frisklivssentralen - helsesamtaler om kosthald, tobakk, søvn og fysisk aktivitet. Gruppetilbod om fysisk aktivitet. Lærings- og meistringstilbod/kurs i samarbeid med dei andre Frisklivssentralane i Hallingdal
  • Behandlingsbasseng - 1-1 oppfølging og gruppetilbod
  • Kvardagsrehabilitering - i samarbeid med heimetenesta
  • Psykomotorisk fysioterapi
  • Rehabilitering i institusjon
Kontakt oss
Fysioterapitenesta i Ål
Ål Helsesenter
3570 Ål
 
Kommunalt tilsette fysioterapeutar
32 08 52 60 Hovudnummer fysioterapi
32 08 52 63 (Vilde Springgard og Live Haugen Slettemoen)
32 08 52 66 (Mona Sando og Eva Moe Grefsgård)
 
Fysioterapeutar med driftsavtale
Finn Jahr: Tlf 32 08 52 60 / 97 14 49 55
Tore Larsson Tlf 32 08 52 60 / 97 67 76 33
Solveig Hagen Paulsen Tlf 32 08 52 60 / 99 61 72 70
Friskliv

Ønsker du hjelp og støtte til å kome i gang eller endre vaner knytt til fysisk aktivitet, kosthald og/eller røyk? Ta kontakt med frisklivssentralen. Vi kan vere ein støttespelar til å endre vane.

Lurar du på noko, kontakt oss på friskliv@aal.kommune.no

eller telefon 95 98 04 95.

Om Frisklivssentralen

Frisklivssentralen har eit strukturert henvisnings- og oppfølgingssystem for dei som kan ha nytte av å endre helseåtferd. Det er helsepersonell eller NAV som skriv ut resept. Ein kan òg kontakte Frisklivssentralen på eige initiativ. Ein treng ikkje å vere sjuk eller ha ein diagnose.

Frisklivssentralen er samlokalisert med ergo-/fysioterapeutane.

"Mennesket er skapt for bevegelse. Et stillesittende liv fører derfor til økt sykdomsrisiko. Regelmessig fysisk aktivitet og trening kan forebygge sykdom, og til og med kurere en rekke sykdommer. Så enkelt er det egentlig, men likevel så vanskelig." (Aktivitetshåndboka 2008)

Me kan hjelpe deg i gang! Frisklivssentralen Ål arrangerer frisklivstrening. Treningane er eit lågterskeltilbod og blir leia av fysioterapeut. Dei går kvar veke, og det er aldri for seint å starte!

Timeplan trening Friskliv Ål vinter23

Ved spørsmål, kontakt:
Frisklivskoordinator tlf. 3208 5267 / 95 98 04 95

Kontor i avdeling Meistring.

Ergoterapi
  • Hjelpemiddel
  • Bustadkartlegging
  • Syn- og høyrselskontakt i kommunen
  • Rehabilitering i institusjon
  • Kvardagsrehabilitering
  • Velferdsteknologi

Målet med ergoterapi er å betre den einskilde sine høve til å utføre meiningsfulle aktivitetar og fungere i miljøet og i dagleglivet.

Aktuelle lenker:
NAV (Hjelpemiddelsentralen i Vestre Viken)

Kontakt:

Ergoterapitenesta i Ål
Ål Helsesenter
3570 Ål

Tlf. 3208 5262 (Tove Bråten) 
Tlf. 3208 5264 (Maria Rusås Helling)
Tlf. 3208 5265 (Camilla Skjelstad)

Hjelpemiddel

Fysio- og ergoterapeut formidlar hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne etter sjukdom eller skade. Tilbodet gjeld alle aldersgrupper og alle som bur eller oppheld seg i Ål kommune.

NAV gjennom hjelpemiddelsentralen i Vestre Viken har ansvar for utlån ved varige behov. Avdelinga hjelper med søknad. Ved akutte behov kan kommunen hjelpe med mellombels utlån frå sitt kortidslager inntil søknad vert innvilga.

Ål kommune har ansvar for utlån ved mellombels og kortare behov. Avdelinga har lager for slike korttidsutlån, og det er vanligvis ingen ventetid.

Avdelinga hjelper med søknader, utkøyring, tilpassing, montering, reprasjonar og retur.

Lenker:
Lov om folketrygd
NAV (Hjelpemiddelsentralen i Vestre Viken)

Kontakt:

Fysio- ergoterapitenesta Ål
Ål Helsesenter, 3570 Ål
Tlf. 3208 5262
Tlf. 3208 5265

Heimevaktmeister  
Heimevaktmeister yt tenester til eldre og funksjonshemma. Heimevaktmeister samarbeider nært med fysio- og ergoterapeutane i kommunen.
 
Heimevaktmeister kan gje hjelp med fylgjande:
Utkøyring, henting, montering/demontering av hjelpemiddel, reparasjon av hjelpemiddel, skifting av lyspærer, sikringar og liknande.
 
Melding om behov for tenester fra helse og omsorg Ål kommune
 
Kontakt:
Heimevaktmeister
Avdeling Meistring
Ål Helsesenter, 3570 Ål
Tlf: 99 28 79 45
Oppsøkande team 
Teamet er tverrfagleg og består to sjukepleiarar og ein ergoterapeut.
 

Førebyggande heimebesøk

Tilbod til eldre i kommunen over 80 år som ikkje mottar kommunale tenester. Besøket tek utgangspunkt i ei samtale om helse, tryggleik og trivsel, samt andre forhold som påverkar den eldre sin livssituasjon, som den eldre sin kvardag, bustadforhold, familie og nettverk, eller praktiske ting og tilrettelegging i bustaden. Målsetjinga med besøket er å:

• informere om omsorgstenestene sine tilbod og kunne gje råd og rettleiing til den enkelte,
• ha fokus på brukaren sine ressursar og evne til eigenomsorg,
• stimulere evna til å bu i eigen bustad lengst mogeleg.

Demensteam
 
• samarbeide med fastlege om kartlegging, utgreiing og oppfølging ved mistanke om kognitiv svikt og demens
• tilby heimebesøk og pårørandesamtaler
• informere om kommunen sine tenestetilbod
• vera behjelpeleg med å finne fram til gode tenester og hjelpemidlar
• bidra til å utvikle demensomsorga i kommunen
• gje informasjon og undervisning om demens til helsepersonell, lag organisasjonar og kommunen sine innbyggjarar generelt
• arrangere pårørandeskule – eit tilbod til pårørande
 
Kartleggingsbesøk på bestilling frå Tildelingsteamet - behov for kartlegging der søkar er ukjent og ikkje mottar kommunale tenester frå før.
 
Kontakt:
Oppsøkende team
Avdeling Meistring
Ål Helsesenter, 3570 Ål
Tlf: 3208 5348
Rehabiliteringsteam 
I Ål kommune har helse – og omsorgssektoren eit tverrfagleg Rehabiliteringsteam. Teamet består av lege, psykiatrisk sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut.
Teamet tilbyr hjelp til personar med samansette vanskar, hjelp til å orientere seg på nytt og til å leve under nye føresetnadar.
 
Målgruppa er personar:
• som har vore utsett for sjukdom eller skade som gjer at livssituasjonen har endra seg. Det kan vere både fysisk, psykisk og/eller sosialt
• med behov for tenester frå mange instansar
• som treng hjelp til å finne vegen vidare

Tenesta er gratis. Ein kan ha med seg ektefelle, føresette eller annan person til møtet med teamet.
 
Kontakt: 
Rehabiliteringsteam
Avdeling Meistring
Ål Helsesenter, 3570 Ål
Tlf. 3208 5261
Koordinerande eining 
Koordinerande eining (KE) består av ei 50 % stilling frå oppvekstsektoren og ei 50 % stilling frå helsesektoren.
 
Målgruppe
Personar med behov for samansette og langvarige tenester.
 
KE skal ha overordna ansvar for arbeidet med individuell plan (IP), og for oppnemning, opplæring og rettleiing av personlege koordinatorar. 
 
Koordinerande eining i Ål kommune skal medverke til at det blir gitt eit heilskapleg, samordna og planlagt tenestetilbod. Aktuelle samarbeidspartnar er til dømes legetenesta, helsestasjonen, avdeling meistring, familiens hus, pleie- og omsorgstenesta, BUP, miljøterapitenesta og NAV. Vidare samarbeider koordinerande eining med barneverntenesta, grunnskular, barnehagar, vidaregåande skuler, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT) og attføringsbedrifter.
 
Koordinerande eining i Ål kommune skal:
• Ta imot melding om behov for personleg koordinator og individuell plan
• Utnemne koordinator og koordineringsgruppe
• Gje opplæring og rettleie koordinatorar
• Ha overordna ansvar for individuell plan
• Ha oversikt over både kommunen og spesialisthelsetenesta sine tilbod til målgruppa

Personar med langvarig behov for koordinerte helse- og omsorgstenester, deira pårørande, samt tenesteytarar kan ta direkte kontakt med koordinerande eining.
 
Kontakt:
Koordinerande eining har kontor i avdeling Meistring og kan nås i hovudsak på torsdagar og fredagar frå kl. 09:00 til kl. 15:00.
 
Melding til Koordinerande eining
 
Kontaktpersonar i koordinerande eining:
Birgitte Skare
Tlf. 3208 5264
Mob: 481 54 553
E-post: birgitte.skare@aal.kommune.no
 
Maria Rusås Helling
Tlf: 3208 5264
Mob: 481 54 553
E-post: Maria.helling@aal.kommune.no     
Dagsenter - ergoterapi 

Er ope for heimebuande i private heimar og omsorgsbustader. Dei vanlegaste brukargruppene er:  

  • eldre som bur aleine, med ulike grader av funksjonsnedsetjingar
  • brukarar med lettare demens eller sviktande minne
  • tyngre funksjonshemma som bur heime
  • unge funksjonshemma som fell utanfor andre tilbod

Tilbyr samvere med andre, meiningsfylte aktivitetar, kognitiv stimulering, trim og turgåing, kjøkkentrening, turar og utflukter, og næringsrik lunsj og middag.

Transport til og frå blir organisert av dagsenteret og skjer med eigen buss eller taxi.
 
Tre aktivitørar har ansvar for den daglege drifta.
 
Tilbodet er gratis og blir tildelt etter behov.
 
Melding om behov for tenester fra helse og omsorg Ål kommune.
 
Kontakt:
Dagsenter - ergoterapi
Avdeling Meistring
Ål Helsesenter, 3570 Ål
Tlf. 3208 5268
Dagsenter hukommelsessvikt 

Dagtilbod til personar med demens som bur heime. Målet med tiltaket er å skapa eit trygt miljø der god mat, hyggeleg fellesskap, tilrettelagte aktivitetar og gode opplevingar kan bremse eller redusere demensutviklinga.

Transport til og frå blir organisert av dagsenteret og skjer med eigen buss eller taxi. Tilbodet er gratis og blir tildelt etter behov.

Melding om behov for tenester fra helse og omsorg Ål kommune.
 
Kontakt:
Dagsenter - hukommelsessvikt
Avdeling Meistring
Ål Helsesenter, 3570 Ål
Tlf. 3208 5258
Transporttenesta

1 sjåfør i 50 % stilling og ein eigen buss med rullestolrampe som skyssar brukarane av dagsentertilboda våre tur-retur heimen og Ål helsesenter.

Psykisk helse og rus for vaksne
Har tilsette med ulik kompetanse, mellom anna psykiatriske sjukepleiarar, helsefagarbeider, sosionom og erfaringskonsulent. 
 
Lågterskel møteplass - Varmestugu 
Huset har ein nøkkelfunksjon for både brukarar og tilsette, ein uformell møteplass der brukarar av tenesta har ein trygg møteplass. Faste tider til felles måltid, turar og felles ansvar for at huset skal vere ein trygg og triveleg møteplass. 
 
Butiltak 
Bufellesskapet på Leksvol. Her er det 8 sjølvstendige husvære og eit stort felles areal.  
 
Miljøterapi 
Forenkla sagt så er miljøterapi å legge til rette for deltaking i dagleglivet med det formål å lære brukarane praktiske og sosiale ferdigheiter. Det kan være eigenomsorg, daglege gjeremål, det å omgåast med andre og ta ansvar for fellesskapet. Mykje praktisk hjelp og bistand.
 
Gruppetilbod med vekt på fysisk aktivitet 
Grupper for lett styrketrening, ballgruppe og tur kvar onsdag tilpassa vær og føre. 
 
KID-kurs (kurs i depresjonsmeistring) 
Kvart år gjennomfører avdelinga KID-kurs, eit kurs som gir den enkelte verktøy og meistringsstrategiar for å meistre depressive tankar og periodar. 
 
Nettverksmøtet 
Er ein metode som er basert på teorien om open dialog, der familie og nettverk vert invitert av den som tek i mot helsehjelp med formål om å dele, hente støtte og finne løysingar i lag. 
 
Pårørandearbeid 
Pårørande er ein viktig ressurs for den som blir sjuk. Behovet for oppfølging og informasjon skal alltid undersøkjast og følgjast opp. Pårørandegruppe kan vere ein del av dette. 
 
Behandlingssamtaler 
Behandling gjennom samtale enten på kontor eller ved heimebesøk som tek utgangspunkt i det den enkelte beskriv som utfordring og han/ho har eit mål for kva han/ho ynskjer å oppnå gjennom behandlinga.  
Motivasjonssamtaler for å endre på rusvanar og avhengigheit er også ein del av dette. 
 
Koordinering av tenester 
Mange av brukarane har samansett problematikk og har mange kontaktar i hjelpeapparatet, og det er krevjande å halde oversikt. Ein del av dette er samarbeidsmøte, ansvarsgrupper og IP (Individuell plan). 
 
Tilrettelegging av arbeid / aktivitet 
Forpliktande avtaler om arbeid og deltaking i eit fellesskap er ofte den viktigaste faktoren til betring og stabilisering. Mange har difor faste oppdrag tilpassa den enkelte, andre har varig tilrettelagt arbeid på Vinn. 
 
Sorg- krisearbeid 
Psykisk helse har ein representant i det faste Sorg- og kriseteamet i kommunen. Alle tilsette i avdelinga kan bli involvert i oppfølgingsarbeid etter ei alvorleg krise eller ulukke.
 
Kontakt
Psykisk helse og rus
Avdeling Meistring
Helsehuset, 3570 Ål
Tlf. 91 66 68 50
 
Telefonen er betjent måndag -fredag kl. 08.00-15.30.
Akutte henvendelsar utanom telefontid må rettast til Hallingdal legevakt, 116 117
 
Organisasjonskart
Organisasjonskart for Avdeling Meistring