Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Friskliv

Aktivitetsplan for Friskliv på grøn resept i Ål kommune 2026

Aktivitetsplan for vaksne i Ål kommune 2026

Ynskjer du hjelp og støtte til å kome i gang eller endre vanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald og/eller røyk?
Ta kontakt med frisklivssentralen.
Me kan vera ein støttespelar til å endre vanar.

Lurar du på noko, kontakt oss på friskliv@aal.kommune.no, 
eller på telefon 94 18 23 50.
Tuva Gurigard Haugan jobbar som frisklivskoordinator .
Ho er tilstades annakvar måndag/tysdag, og kvar torsdag. 

Om Frisklivssentralen

Frisklivssentralen har eit strukturert tilvisings- og oppfølgingssystem for dei som kan ha nytte av å endre helseåtferd. Det er helsepersonell eller NAV som skriv ut resept. Ein kan òg kontakte Frisklivssentralen på eige initiativ. Ein treng ikkje å vere sjuk eller ha ein diagnose.

Frisklivssentralen er samlokalisert med ergo-/fysioterapeutane på Ål Helsesenter.

"Mennesket er skapt for bevegelse. Et stillesittende liv fører derfor til økt sykdomsrisiko. Regelmessig fysisk aktivitet og trening kan forebygge sykdom, og til og med kurere en rekke sykdommer. Så enkelt er det egentlig, men likevel så vanskelig." (Aktivitetshåndboka 2008)

Me kan hjelpe deg i gang! Frisklivssentralen Ål arrangerer frisklivstrening. Treningane er eit lågterskeltilbod og blir leia av fysioterapeut. Dei går kvar veke, og det er aldri for seint å starte!

Ved spørsmål, kontakt:
Frisklivskoordinator Tuva Gurigard Haugland på telefon: 94 18 23 50
Ho er tilstades annakvar måndag/tysdag, og kvar torsdag. 

Kontor i avdeling Meistring.

Aktiv ung

aktiv ung.jpg

Har du lyst til å delta på varierte fritidsaktivitetar?

Vil du vere i aktivitet saman med andre barn i alder 1.-10. trinn og trygge vaksne aktivitetsleiarar?

Kan du sette av ein kveld i veka til dette, ønskjer vi gjerne at du sender inn ein søknad om å få vere med på aktiv ung.

Aktiv ung har aktivitet ein kveld i veka (unnateke i skuleferiane). Aktivitetane varierer etter årstid. Blant anna sykling, ballspel, bading, turn, taekwondo, skikøyring, skøyter, fjelltur m.m.

Det er gratis å delta på aktiv ung. Nødvendig utstyr som trengs til nokre aktivitetar kan du låne på BUA.

Her får du mogelegheit til å prøve ulike aktivitetar og kunne finne ut kva som passar for deg. Det er mykje spennande du kan vere med på. Du har mogelegheit til mykje glede, moro og meistring. For at det skal vere kjekt for alle på aktiv ung er det best at alle møter opp jamnt og deltek kvar veke.

Vi har begrensa antall plassar. Alle som ønskjer å vere med, må søke.  

For å søke om plass på aktiv ung, ønskjer vi at du saman med føresette sender ein mail til frisklivkoordinator Live Berg. Søknaden må innehalde namn på barnet, alder, klassetrinn, kva for skule barnet går på og telefonnr til føresette.                   

 Mvh Aktiv ung v/ Frisklivssentralen (tlf.: 959 80 495) og skulehelsetenesta