Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

MOT

MOT-logo

MOT er eit haldningsskapande, helsefremmande og førebyggande program i skulen. MOT jobbar systematisk og langsiktig med fokus på inkludering.
MOT er eit verktøy for å styrke ungdom si robustheit og mot gjennom bevisstgjering og MOT sine tre verdiar:

  1. MOT til å leve
  2. MOT til å bry seg
  3. MOT til å seie nei

MOT seier:

  • Me kan ikkje lage ei lov som forbyr sårbare menneske, men me kan skape ein kultur som styrkar menneske si robustheit.
  • Me kan ikkje lage ei lov som forbyr feigheit, men me kan skape ein kultur som byr på menneske som viser mot.
  • Me kan ikkje lage ei lov som forbyr einsemd, men me kan skape ein kultur som byr på menneske som inkluderer dei som er utanfor.