Ungdata
Korleis er det å vere tenåring i Ål?
På oppdrag frå Ål kommune gjennomførte forskingsinstituttet NOVA ved OsloMet og Kompetansesenter rus - region sør (KoRus Sør) ei kartlegging av viktige sider ved livsstilen og levekåra til ungdom i kommunen.
Les rapporten her:
Nøkkeltallsrapport Ål ungdomsskule 2021.pdf
HallUng
Ungdomsrom for alle i Hallingdal fra 8. kl til Vg3 på Ål kulturhus. Her finner du bla. biljard, airshuffle, brettspill, bordtennis og husets beste wifi. HallUng på Facebook
BUA
På BUA ÅL kan du låne alt av sports- tur- og fritidsutstyr heilt gratis!
Aldersgruppe: For alle
Opningstid tysdag og torsdag - mellom kl 15.00 - 18.00
Ungdomskonsulenten
Ungdomskonsulenten er organisert under oppvekst, og er tilgjengeleg der ungdom er.
Ungdomslosen
Ungdom med MOT
For dei som ynskjer å vite meir om MOT:
Ål ungdomsråd
Ungdomsrådet er eit rådgivande medverknadsorgan i kommunen jf. kommunelova § 5-12. Ungdomsrådet består av inntil 15 medlemmer og 9 varamedlemmer. Eitt medlem frå kvar klasse på ungdomstrinna (8., 9. og 10. trinn). Elevar i videregåande skule kan halde fram som medlemmer etter ungdomsskulen om dei ynskjer det. Ungdomsrådsrepresentantane vert valt av kommunestyret for eitt år om gangen, og funksjonstida følgjer skuleåret.
Medverknadsorgana er partipolitiske uavhengige og rådgjevande organ. Alle saker som gjelder ungdom kan leggast fram for ungdomsrådet. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ. Formålet med ungdomsrådet er å bidra til å sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom. Ungdomsrådet fordeler midlar frå kontoen for sals- og skjenkeavgifter.
Ein representant fra ungdomsrådet sit i Hallingdal ungdomsråd (HUR).
Ungdomsrådet 2022/2023
Frå venstre: Embrik Hagen Paulsen (vara) Embrik Luksengard Slåtto(vara) Mari Sandelien(vara) Vera Gudbrandsgard, Sara Røe-Sundrehagen(vara) Marius Fuglset(vara) Vilde Muledal Svanheld, Tøri Medgard Skår, Sten Vorsmann, Adrian Nikolai Fuglesang Tveito (vara) Nora Karterud Sørensen (vara)
I midten frå venstre: Andreea Lacramioara Gabor, Telma Tveito, Aurora Strasser Gjeldokk(vara) Amalie Bergdølmo(vara) Framme får venstre: Aslak Kronholm Torgersen(nesteleiar) Solveig Vestenfor(ordførar) Emil Sehl Mørch (leiar) Stein-Erik Holto Roen, Karoline Fluto.
Ikkje til stades: Diis-Eirin Moholt Kolsrud, Tiril-Emilie Fuglesang Tveito.
Helsestasjon for ungdom
Informasjon om helsestasjon for ungdom finn du her.