Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

SFO

Skulefritidsordninga i Ål kommune

SFO tilbodet i Ål kommune

Etter Opplæringslova § 4-5 skal kommunen ha eit tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilde behov på 1.-7. trinn:

«Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og
lekser med utgangspunkt i barna sin alder, funksjonsnivå og
interesser. Ordninga skal gje barna omsorg og tilsyn. Barn
med nedsett funksjonsevne skal gjevast gode
utviklingsmoglegheiter. Areala, både ute og inne, skal vere
eigna for føremålet".

SFO er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa og er eit frivillig tilbod. Opplæringslova slår fast at kommunen kan krevje alle utgifter til SFO dekt gjennom foreldrebetaling. I Ål vert ein sum tilsvarande eit tidlegare statstilskot overført til skulane og er med på redusere andelen på foreldrebetalinga.

Utgangspunktet for dimensjoneringa av SFO-tilbodet ved barneskulane i Ål, er søknadane som kjem inn i hovudopptaket. Hovudopptaket har årleg søknadsfrist 1. mars. Etter vedtektene for SFO, skal det vere minst 6 elevar påmeldt for at det skal bli oppretta eit tilbod ved den enkelte skule. 

Elevar med SFO-ordning har ikkje rett på gratis skuleskyss dei dagane dei er påmeldt SFO.

Elevar med SFO-ordning, og som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade/sjukdom har behov for skyss, har rett til skyss til og frå skulefritidsordninga, jf. opplæringslova § 7-3 andre ledd. 

Frå 01.08.2026 har 1. -3. klassingar lovfesta rett til tilbod om 12 timar gratis SFO per veke. Det same gjeld ved ferie-SFO. 

Kommunestyret vil behandle sak om betalingsmodell og bruk av 12 timar gratis SFO per veke i møte 17.09.2026. Med føresetnad om vedtak i møte vil Ål kommune gå over til ein timebasert modell med foreldrebetaling utfrå intervall. 

Førebels ikkje vedteke. Ny søknadsrunde opnar 18.09.2026:

Forslag til timebasert modell:
Betalingssatsar 1.-3. trinn
• 1-12 t/v: Gratis
• 13-17 t/v: 1 400 kr
• 18-21 t/v: 1 800 kr
4. trinn
• 1-12 t/v: 1 800 kr
• 13-17 t/v: 2 400 kr
• 18-21 t/v: 2 850 kr

Informasjon vil bli oppdatert etter kommunestyremøte 17.09.2026.

Slik søkjer du SFO-plass

Søknad om SFO-plass skal skje via Visma Flyt Skule (VFS) sin føresettportal. For å kome til den elektroniske søknaden, må du logge deg på med ID-porten, og det er anbefalt å nytte Edge eller Google Chrome som browser. 

Føresettportalen finn du her.

Dersom du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med Servicetorget på Tingstugu eller ein av skulane.

Svar på søknader vert sendt ut elektronisk via kommunen sin Svar ut-teneste.

Det er den som søkjer om SFO-plass som blir rekningsmottakar. Ved endring av rekningsmottakar, må du ta kontakt med oppvekstkontoret.

Det er opningstida til SFO som er utgangspunkt for omfang og betalingssats. Innmeldt behov er til bruk for skula og har ikkje innverknad på betaling. 

Søknad om SFO-plass

Søknad via VFS føresettportal skal nyttast både i samband med hovudopptaket (søknadsfrist 1. mars) og dersom du søkjer ny plass i løpet av SFO-året. Tildeling av plassar utanom hovudopptaket vil vere avhengig av ledig kapasitet for elevar på 4.trinn.Frå 01.08.2026 har 1. -3. klassingar lovfesta rett til tilbod om 12 timar gratis SFO per veke. 

Dersom du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med servicetorget på Tingstugu eller ein av skulane.

Rettleiing for å søkje SFO-plass finn du her.

Føresettportalen finn du her. 

Endring av tildelt SFO-plass

Det kan søkjast eller meldast inn fylgande endringar:

  • Søknad om utviding av SFO-plass
  • Søknad om endring av dagvalg/opphaldstid
  • Melding om oppseiing av delar av SFO-plass 

Utviding av SFO-plass vert tildelt etter ledig kapasitet for elevar på 4.trinn. Frå 01.08.2026 har 1. -3. klassingar lovfesta rett til tilbod om 12 timar gratis SFO per veke.

Søknad skal skje via VFS føresettportal.

Etter vedtektene er det to månader oppseiingstid, rekna frå den 1. i månaden etter at oppseiinga er motteke.

Rettleiing for å søke om endring av SFO-plass

Føresettportal finn du her.

Oppseiing av heile SFO-plassen

Etter vedtektene er det to månader oppseiingstid, rekna frå den 1. i månaden etter at oppseiinga er motteke.

Rettleiing for å seie opp heile SFO-plassen finn du her.

Meld inn oppseiing av heil SFO-plass her.

Opningstider

Opningstidene ved SFO vil vere frå kl 07.30 og fram til skulen startar og frå skuleslutt og fram til kl 16.30, noe variasjon i oppningstider fra skule til skule.

Ferie-SFO 

Det vert arrangert ferie-SFO ved Nedre-Ål skule sommaren 2027:

  • Frå måndag 2. august og fram til planleggingsdagane før skulestart
  • Haustferien
  • Vinterferien
  • Frå skuleslutt og fram til og med 2.juli 2027

Endringar kan forekome. 

Det vert sendt ut eigen bindande påmelding til ferie-SFO. Ferie-SFO er ikkje inkludert i den ordinære foreldrebetalinga og vert fakturert i tillegg. Pris er kr 350,- pr. dag. 1. -3. klassingar har rett på 12 timar gratis SFO per veke i feriane. 12 timar utgjer 1,5 dag på ferie SFO og vil bli trekt frå faktura. 

Søknadsfrist for påmelding til årets SFO i sommarferien vil bli oppdatert. 

Stengte dagar

SFO er stengt på fylgjande dagar:

  • Planleggingsdagar
  • 4 veker i juli 
  • Jule- og påskeferie
  • Andre fridagar jf. vedteken skulerute

Desse dagane vert det ikkje arrangert ferie-SFO.

Betalingssatsar/betalingsreglement
Betalingsreglement for skulefritidsordning/SFO 
 
Betalingssatsar for skuleåret 2026/2027: 
 
1., 2. og 3. trinn
1.-3. trinn 3 dagar plass: Gratis
1.-3. trinn 4 dagar plass: Kr 1500 per månad
1.-3. trinn 5 dagar plass: Kr 1700 per månad
 
4. trinn
4. trinn 3 dagar plass: Kr 1900 per månad
4. trinn 4 dagar plass: Kr 2450 per månad
 
Forslag til timebasert modell frå 01.10.2026 (Førebels ikkje vedteke i kommunestyret, vil bli behandla 17.09.2026)

Betalingssatsar 1.-3. trinn
• 1-12 t/v: Gratis
• 13-17 t/v: 1 400 kr
• 18-21 t/v: 1 800 kr
Betalingssatsar 4. trinn
• 1-12 t/v: 1 800 kr
• 13-17 t/v: 2 400 kr
• 18-21 t/v: 2 850 kr
4. trinn 5 dagar plass: Kr 2850 per månad
 
 
Ferie-SFO
Kr 350,- pr. dag
1.-3.trinn har rett til 12 timar gratis SFO i feriane. Dette vil bli trekt frå faktura. Gratis SFO plass ved ferie-SFO utgjer 1,5 dag. 
 
Mat i SFO
Mat i SFO skal vere sjølvfinansiert og kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling.

Leksehjelp
Dersom leksehjelp vert lagt til eit tidspunkt med SFO, skal denne tida kome til fråtrekk. 

For sein henting
Dersom føresette ser at dei ikkje rekk å hente barnet innan avtalt opphaldstid, ber vi om at SFO får beskjed så snart som mogleg. Ved for sein henting kan det bli krevd 350,- kr i gebyr. SFO vil utøve skjønn i tilfelle der forsenkinga skuldast uforutsette hendinga, og føresette har gitt beskjed.
 
Utsending av faktura
Det vert sendt faktura for tilbodet som fylgjer skuleruta fordelt på 11 månader. Eventuell ferie-SFO vert fakturert i tillegg. Forfallsdato den 20. i kvar månad.

Manglande betaling
Ved manglande foreldrebetaling i meir enn to månader, vert det sendt varsel om oppseiing av plassen.  
Moderasjonsordningar

UDIR - Moderasjonsordningar i SFO

Det er innført to moderasjonsordningar i SFO:
a) Inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for husstandar med elevar på 1. - 4. trinn. Ordninga skal sikre at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta til å betale for ein SFO-plass. 
 
b) Gratis SFO for elevar på 5.-7. trinn med særskilde behov og som er tildelt SFO-plass (foreldre treng då ikkje søkje for denne ordninga).

Det må søkjast om alternativ "a" ved å sende inn elektronisk skjema. 
Det er same linken som når du søkjer sfo-plass og logge på med ID-porten.

Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling

Sist mottekne skattemelding skal leggjast med som dokumentasjon. Dersom husstanden har ein vesentleg eller varig endring av inntekta i forhold til kva skattemeldinga viser, må det i tillegg leggjast med lønnslipp, vedtak frå NAV eller annan dokumentasjon på endra inntekt. 
Som hovudregel skal søknad/vedtak om redusert betaling gjelde for eit skuleår av gongen.
For skuleåret 2026/2027 vil skattemeldinga for 2025 vere grunnlaget for vedtaket.

Fristen for å søkje for skuleåret 2026/2027 er sett til 1. august. Søknader som blir innvilga og som er motteke innan fristen vil gjelde frå den 1. august. Søknadar som kjem etter fristen vil gjelde frå den 1. i månaden etter at søknaden er motteken.

Syskenmoderasjon 
Frå 01.08.2026 blir det gjeve 30% reduksjon på den rimeligaste plassen frå barn nummer to. Syskenmoderasjon blir ikkje gjeve på ekstradagar, ferie SFO eller i kombinasjon med redusert foreldrebetaling. 
Forskrift og vedtekter

Det er utarbeidd forskrift og vedtekter for SFO ved skulane i Ål kommune.

Forskrift om skulefritidsordning, Ål kommue, Buskerud, gjeldande frå 01.04.2026

Kommunale vedtekter om skulefritidsordninga (SFO) i Ål kommune, gjeldande frå 01.04.2026