Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Nordbygdene barnehage

Postadresse: Torget 1, 3570 Ål

Adresse

Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Nordbygdvegen 948, 3570 Ål

Styrar

Sissel J. Pedersen, tlf. 32 08 54 70 / 99 52 77 57

Nordbygdene barnehage, Foto: Even Medhus

Generell informasjon

Nordbygdene barnehage er ein kommunal barnehage med 36 plassar fordelt på to avdelingar. Dei fleste borna som går her kjem i frå bygdene Votndalen, Leveld og Vats. Desse tre småbygdene vert tilsaman kalla Nordbygdene.

Barnehagen har vore i drift sidan hausten 1989. Nordbygdene barnehage ligg vegg i vegg med Nordbygdene skule, og har eit tett samarbeid m/skulen når det gjeld uteleikeplass, turområde, bruk av gymsal, symjebasseng og felles personalrom.

Rundt omkring oss har me ei levande bygd med gardsdrift, husdyr og flotte turområde i skogen og på fjellet. På vinteren er me så heldige å ha fleire akebakkar og oppkøyrde skiløyper rundt barnehagen/skulen.

Vår visjon og vårt grunnsyn      

"LEIKEGLEDE OG LÆRINGSLYST I EIT INKLUDERANDE FELLESSKAP"

Alle born som går i Nordbygdene barnehage skal oppleve:

  • å verte respekterte og verdsatt for den dei er
  • omsorg og inkludering i eit aldersblanda fellesskap i barnehagen
  • leik og aktivitetar som gjev dei kjensle av glede, meistring og meiningsfull læring
  • alle vaksne som varme, anerkjennande og tydelege (= autoritative vakse)
  • glede og humor i kvardagen
  • nærleik og kjennskap til eit levande bygdemiljø med fokus på vår kulturarv, lokalhistorie og folk som bur i bygda
  • turar som gjev dei positive naturopplevingar og kjennskap til mangfaldet i naturen
  • positive møtepunkt mellom ulike aldersgrupper slik at overgangen frå barnehagen til skulen blir trygg og god
  • å bli høyrd og sett slik at dei kan vere med å påverke kvardagen i barnehagen
  • hjelp og støtte til å takle følelsar både i motgang og medgang
  • å få høve til å roe seg ned og slappe av/kvile i løpet av dagen
Årsplan

Årsplan Nordbygdene barnehage 2025-2026

Være sammen - barnehage

Nordbygdene barnehage har tatt i bruk programmet "Være sammen" som er utarbeidd av Pål Roland m/fleire. Ved å arbeide systematisk med dette programmet over tid vil me styrke barnehagen sitt psykososiale miljø slik at alle born skal kjenne seg verdsatt og inkludert i fellesskapet.

Me legg difor vekt på:

- gode relasjonar mellom barn og vaksne

- den autoritative vaksenstilen (dvs. varme og tydelege vaksne i samspel med medverkande barn)

- barns sosiale kompetanse og handtering av utfordrande adferd

- fagleg kompetanseheving og veiledning av personalet

Progresjonsplan - Være Sammen

Opningstid

Opningstid er 07.30-16.30. Er det behov for utvida opningstid er tida kl. 07.00-07.30 eller 16.30-17.00, må føresette søke om dette til oppvekstkontoret.   

Barnehageåret 2025 - 2026 er barnehagen stengt i jul, påske og veke 29, 30.

Planleggingsdagar barnehageåret 2025/2026:

  • Måndag, 10.november 2025
  • Fredag, 02. januar 2026
  • Fredag, 15.mai 2026
  • Torsdag, 13.august 2026
  • Fredag, 14.august 2026
Råd og utval

Foreldreråd består av alle foreldra i barnehagen og FAU er arbeidsutval for foreldrerådet:

FAU 2025/2026: 

  • Leiar: Nina Medgard
  • Nestleiar: Betina Mariannedotter Gullhagen
  • Andre FAU- representantar: Henrik Wilson, Ingjerd Langegard Berge, Cathrine Sevre

SU 2025/2026:

Nordbygdene barnehage og Nordbygdene skule har felles SU; 4 føresette, 4 tilsette, 2 elevar og 1 politikar. Sturar ig rektor deltek på møtene som sakshandsamar og referet:

  • Leiar: Nina Medgard
  • Nestleiar: Tonje Kristin Arnesen Ødelien
Felles informasjon

Her finn du felles informasjon om barnehagane i Ål kommune.