Ål introsenter består av flyktningteneste og vaksenopplæring. Avdelinga held til på Ål kulturhus.
Ål introsenter har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for busette flyktningar og familiesameinte i Ål og Hol kommune. Skulen tilbyr også norskopplæring for arbeidsinnvandrarar og andre med behov for norskopplæring.
Ål introsenter Flyktningtenesta har ansvar for busetting og etablering av flyktningar med opphaldsløyve. I 2021 skal kommunen busette 14 flyktningar. Dei fleste flyktningane som blir busette i norske kommunar no er overføringsflyktningar (også kjent som kvoteflyktningar), frå mellom anna Syria, Kongo og Eritrea.
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap er eit tilbod for alle som har rett og/eller plikt til norskopplæring.
Les meir om kven som har rett og plikt på opplæring på Inkluderings- og mangfoldsdirektoratet sine nettsider
Målet for opplæringa er at deltakarane skal få norskferdigheiter som gjer det mogleg for dei å bruke eller bygge vidare på sin kompetanse i utdanning, i arbeid og samfunnsliv.
I tillegg skal deltakarane lære viktige trekk ved det norske samfunnet, og bli informert om rettigheiter, plikter og sentrale verdiar.
Les meir om opplæring i norsk og samfunnskunnskap her.
1. august kjem det nye læreplanar i norsk og samfunnskunnskap:
Ny læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere . Kompetanse Norge
Ål introsenter er godkjent prøvestad for statsborgarprøva, prøve i samfunnskunnskap og norskprøver.
Ål kommune og Hol kommune har eit samarbeid om norskopplæring. All undervisning for elevar frå Hol kommune skjer i Ål.
Det blir undervist i norsk og samfunnsfag måndag til torsdag frå kl. 09.00 - 13.45.
Ål introsenter held til i nye lokale på Ål kulturhus.
Kurstilbod:
- Alfabetiseringskurs
- Norskkurs A1-nivå
- Norskkurs A2-nivå
- Samfunnskunnskapskurs
På timeplanen har vi også arbeidslivskunnskap, symjing m.m.
Tilbodet er avhengig av søkjartal.
Søknadsskjema og prisar
Dersom du ynskjer å søke om plass så må du fylle ut søknadsskjema og levere det på servicetorget i Ål kommune saman med kopi av arbeids- eller opphaldsløyvet ditt.
Her finn du oversikt over kva det kostar.
Her finn du elektronisk skjema for søknad om vaksenopplæring
Norskprøve
Norskprøve – munnleg kr. 1000,-
Norskprøve – skriftleg kr. 1.200,- (kr. 400,- pr. delprøve)
Statsborgarprøve/samfunnskunnskapsprøve kr. 850,-
Første prøve er gratis for elevar som har rett til norskopplæring. Privatistar må betale etter gjeldande satsar.
Ta kontakt med Ål introsenter ved behov for meir informasjon.
Grunnskuleopplæring for vaksne
Vaksne har rett til grunnskoleopplæring:
- dersom dei ikkje har fullført 10-årig grunnskule
- dersom dei ikkje har fullført 9-årig grunnskule
- dersom dei ikkje har fullført 7-årig folkeskule
- dersom dei manglar enkeltfag
- dersom dei kjem frå eit anna land og manglar heilt eller delvis grunnskule
- dersom dei har 7-årig folkeskule og ynskjer grunnskuleopplæring
Gol vaksenopplæring har tilbod om grunnskuleopplæring for vaksne som er busett i Hallingdal. Du finn meir informasjon her: Gol vaksenopplæring
Busetting av flyktningar
Introduksjonsprogram
Vil du hjelpe til med ei betre integrering av busette flyktningar i Ål kommune?
Flyktningtenesta treng hjelp til mange oppgåver. Det har vore store endringar i flyktningsituasjonen siste året. I Ål kommune har vi og busett fleire, vi vil vera med å ta ansvar i denne situasjonen. I 2015 busette vi 15 personar og i 2016 skal vi busette 25 personar inkludert familiegjenforening. Av desse har 10 familiemedlemmar alt kome. Dei fleste kjem frå Eritrea , men vi har og busett frå Syria og Burundi i haust. Dei fleste er einslege, og mange unge, flest menn , men og nokre kvinner.
Vertsfamiliar
Ta kontakt med oss om familien kan vera vertsfamilie for ein einsleg mindreårig, i fyrste omgang berre helger og ferier. Til hausten skal vi busette 4-5 einslege mindreårige. Det fyrste året vil dei gå på Hallingdal folkehøgskule på Gol, men dei skal ha tilknyting til Ål kommune som vil vera deira heimkommune. Etter året på folkehøgskule vil dei bli busett i bufellesskap/eigen leilegheit i Ål. Vi treng vertsfamiliar til desse ungdommane, ein familie som dei kan koma til i delar av feriar og nokre helger. Om din familie er interessert så ta kontakt med flyktningtenesta for å få meir informasjon.
Bustader/praksisplassar
Vi busett no mange einslege vaksne, og vi treng fleire leilegheiter/hyblar. Ein flyktning som blir busett går fyrst to år på introduksjonsprogam for flyktningar. Målet med programmet er å komme i arbeid eller starte med utdanning etter dei to åra. Dei går på vaksenopplæring 4 dagar i veka og har språkpraksis ein dag. Praksisplassane er viktige for å praktisere norsk og for å få kjennskap til arbeidslivet.
Flyktningven
I haust og vinter har vi fått fleire flyktningvener og mange positive erfaringar med det. Ein norsk flyktningven kan ha kontakt med ein busett person eller ein familie, dei kan treffast 1-4 gongar i månaden og gjere noko saman, lage mat, gå ein tur, handle, idrett, spel, musikk osv. Ta kontakt med Frivilligsentralen.
Språktrenarar
Vi treng og nokon fleir som kan vera språktrenar på vaksenopplæringa. Dette er språktrening etter skuletid for dei vaksne som skal lære seg norsk.
Skiutstyr/syklar
Har du skiutstyr (mange vart inspirert til meir skigåing etter skidag i vinterferien) og syklar til overs, vil og nokon sette stor pris på det.
For at dei som kjem nye til Ål skal få eit godt liv er det viktig at dei føler seg velkomne. Dei treng eit nettverk og ting dei kan delta på. Dei vil bli kjent og lære nye ting og ha moglegheiter for å bruke det nye språket.
Ei oppmoding frå uss: Hels på dei på gata og butikken, og snakk gjerne litt med dei. Og har du litt ekstra tid meld deg som flyktningven.
Kan du hjelpe til med noko så ta kontakt med flyktningtenesta , Frivilligsentralen eller servicetorget.
Følg oss også på Facebook: Ål introsenter
Introduksjonsprogram - skjema for påmelding