Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ål introsenter

Ål introsenter har ansvar for busetting og etablering av flyktninger med opphaldsløyve.

Ål introsenter har også ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for busette flyktningar og familiesameinte i Ål og Hol kommune. Skulen tilbyr i tillegg norskopplæring for arbeidsinnvandrarar og andre med behov for norskopplæring.

Ål introsenter er lokalisert på Ål kulturhus.

Bilde Ål intro aug 2024.jpg

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Ål introsenter tilbyr opplæring i norsk og opplæring til alle som har rett og/eller plikt til norskopplæring. 

Målet for opplæringa er at deltakarane skal få norskferdigheiter som gjer det mogleg for dei å bruke eller bygge vidare på sin kompetanse i utdanning, i arbeid og samfunnsliv.

I tillegg skal deltakarane lære viktige trekk ved det norske samfunnet, og bli informert om rettigheiter, plikter og sentrale verdiar.

Undervisning

Ål kommune og Hol kommune har eit samarbeid om norskopplæring. All undervisning for elevar frå Hol kommune skjer i Ål.

Det blir undervist i norsk og samfunnsfag måndag til torsdag frå kl. 10.00 - 14.40. Ål introsenter heldt til på Ål kulturhus.

Kurstilbod
  • Alfabetiseringskurs
  • Norskkurs A1-nivå
  • Norskkurs A2-nivå
  • Norskkurs på høgare nivå ved behov
  • Samfunnskunnskapskurs

På timeplanen har vi også arbeidslivskunnskap, symjing mm
Tilbodet er avhengig av søkjartal og behvov.

Søknadsskjema og prisar

Dersom du ynskjer å søke om plass så må du fylle ut søknadsskjema og levere det på servicetorget i Ål kommune,eller sende til oss pr. post eller e-post. Du finn adresse på søknadsskjemaet.

Her finn du oversikt over kva det kostar

Her finn du søknadsskjema

Prøver i norsk og samfunnskunnskap

Ål introsenter er godkjent for statsborgarprøva, prøve i samfunnskunnskap og norskprøver.

Norskprøve – munnleg kr. 1000,-
Norskprøve – skriftleg kr. 1.200,- (kr. 400,- pr. delprøve)
Statsborgarprøve/samfunnskunnskapsprøve kr. 850,-

Første prøve er gratis for elevar som har rett til norskopplæring. Privatistar må betale etter gjeldande satsar.

Ta kontakt med Ål introsenter ved behov for meir informasjon.

Førebuande opplæring for vaksne (FOV)

Gol vaksenopplæring har tilbod om grunnskuleopplæring for vaksne som er busett i Hallingdal. Du finn meir informasjon her: Gol vaksenopplæring.

Regelverk og læreplanar

Les meir om kven som har rett og plikt på opplæring på Inkluderings- og mangfoldsdirektoratet sine nettsider.

Her finn du læreplanar: Læreplaner i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere | HK-dir (hkdir.no).

Busetting, etablering og inkludering av flyktningar

Ål introsenter har ansvar for å etablere og følge opp busette flyktninger, og for å organisere og følge opp introduksjonsprogrammet. Vi har godt samarbeid med lokalt næringsliv som gir moglegheiter for språkpraksis til alle flyktningar i introduksjonsprogram. 
 
Eit sosialt nettverk er viktig for trivsel og integrering. Vi legger til rette for at nyankomne flyktningar får moglegheit til å treffe andre innbyggarar, og introduserer dei blant anna til fritidsaktivitetar, Frivilligsentralen, frivillige lag og organisasjonar og andre plassar kor dei kan engasjere seg i nærmiljøet. 
 
På Integrerings- og mangfoldsdirektoratet sine nettsider finner du oppdatert tal og informasjon om integrering i Ål kommune.
 
I Ål kommune jobber vi systematisk med å inkludere flyktninger i vårt lokalsamfunn. Kvart år bestemmer politikarane i Ål kor mange flyktningar kommunen skal ta imot, etter oppmoding frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).
 
Introduksjonsprogram
Nyankomne flyktningar som er busette i Ål kommune har rett og plikt til å delta i eit introduksjonsprogram, som gir innføring i norsk, samfunnskunnskap og arbeidsliv.
 
Stortinget vedtok ny lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslov), gjeldende frå 1. januar 2021. Målet med den nye loven er at fleire skal få varig fotfeste i norsk arbeidsliv. Gapet mellom kva kvar einskild har med seg og behøve på arbeidsmarknaden, skal fyllast og det bli satt tydelige mål for flyktningar og kommunane.
 
Målet er å styrke den enkeltes økonomiske sjølvstende, og bidra til at fleire kjem i arbeid eller utdanning når programmet er ferdig.
 
Introduksjonsprogrammet er eit kommunalt tilbod, som er regulert av introduksjonsloven og integreringsloven.
 
Les mer om programmet på Integrerings- og mangfoldsdirektoratet sine nettsider
Praksisplassar

Ein flyktning som blir busett går fyrst på introduksjonsprogam. Målet med programmet er å komme i arbeid eller starte med utdanning. Deltakarane går på norskopplæring 3-4 dagar i veka og har språkpraksis 1-2 dagar. Praksisplassane er viktige for å praktisere norsk og for å få kjennskap til arbeidslivet. Ta kontakt viss du har moglegheit til å tilby ein praksisplass, eller er interessert i å høyre meir. 

Bustader

Vi busett både einslege og familiar, og er stadig på utkikk etter fleire leilegheiter/hyblar. Helst sentrumsnært, men andre område kan også vere aktuelt.

Vil du vere frivillig?

Faddar
Dei seinaste åra har vi fått fleire faddarar og mange positive erfaringar med det.
Ein norsk faddar kan ha kontakt med ein busett person eller ein familie, dei kan treffast 1-4 gongar i månaden og gjere noko saman, lage mat, gå ein tur, handle, idrett, spel, musikk osv. Ta kontakt med Frivilligsentralen for å melde deg eller få mer informasjon. 

Språktrenarar

Vi treng fleire som kan vera språktrenar på vaksenopplæringa. Dette er språktrening etter skuletid for dei vaksne som skal lære seg norsk. I samarbeid med Frivilligsentralen arrangerer vi også språkkafe på kveldstid.

For at dei som kjem nye til Ål skal få eit godt liv er det viktig at dei kjenner seg velkomne. Dei treng eit nettverk og ting dei kan delta på. Dei vil bli kjent og lære nye ting og ha moglegheiter for å bruke det nye språket. 

Ta kontakt med Frivilligsentralen eller Ål introsenter du ønsker å bidra. 

Kontaktinformasjon

Leiar: Silje Landsmann-Wiwe
E-post: slw@aal.kommune.no
Telefon: 91 88 66 42

Teamleiar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap: Morten Barasinski
E-post: morten.barasinski@aal.kommune.no
Telefon: 45 97 14 30

Generelle spørsmål: introsenter@aal.kommune.no
Facebook: Ål introsenter

 

Følg oss også på Facebook: Ål introsenter