Visma - Meg sjølv
I Visma under fanen Meg sjølv får du oversikt over lønnslippane dine.
Her kan du også registrere reiserekningar, oppdatere personalia/CV og registrere fråvær/ferie/timelister. Leiarar og andre med roller i organisasjonen har utvida tilgangar her.
Før du loggar på Visma – meg sjølv fyrste gong må du sjå den fyrste videoen nedanfor:
Her finn du lenke til video om pålogging
Får du feilmeldinga - "En intern feil har oppstått"?
Her finn du lenke til video for feilmelding
Endre e-post - her finn du lenke for korleis du endrer e-post i Visma
Visma Home - Visma.net
Her finn du Visma.net Expense (reiseregning), Framsikt m.m.
Intranett
Intranettet er ein felles, overordna portal for intern kommunikasjon. Her finn tilsette relevant og oppdatert informasjon i tillegg til tenester som understøtter det daglege arbeidet. For å kome på intranett loggar du på med den kommunale e-postadressa di.
Ål intranett - Microsoft Teams
Compilo
I forbedringssystemet Compilo kan du registrere avvik eller forbedringsforslag, og se prosedyrer, skjema eller andre dokumenter.