Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Oppvekstsektoren

Visjonen for oppvekstsektoren er å bidra til at alle som veks opp i Ål skal bli flygedyktige og rotfaste. Bruke vengene for å få innsikt, vidsyn og perspektiv – feste røter for å meistre eigne liv og tru på eigne krefter.

"I eit inkluderande læringsmiljø der alle ser og blir sett,
får kvar enkelt kraft til å meistre eigne liv".

Tavle3.bmp

Om oppvekstsektoren

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Skulen i Ål skal vera ein inspirerande føregangsskule, med fokus på langsiktig og systematisk utviklingsarbeid basert på forsking. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre.

Satsingsområder

Dei siste åra har det vorte arbeidd med ei stor IKT-satsing. Det er innført iPad til kvar elev og ny teknologi vert vektlagt i undervisninga. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn og trygg måte for å lære, skape og utforske.

Oppvekst - skule.jpg

Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Hovudsatsinga er for tida "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø". Ål er MOT-kommune.

Les meir om oppvekstsektoren