Leveld – eit av Noregs utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL).
I fjellbygda Leveld er landskapet særprega av teigdelt innmark, mange steingjerde og rydningsrøyser. Smale teigar av beitemark går frå dalbotnen opp til heimstølane, i 700 – 950 meters høgde over havet.
Bygda har mange aktive gardsbruk som produserer mjølk og kjøt av storfe, sau og geit basert på grasproduksjon og beite på store inn- og utmarksareal. Gardstuna, med fleire verneverdige bygningar, ligg på rad og rekkje langs bygdavegen oppe i dalsida. Det varierte landskapet og ulik teigbruk har gjeve ein rik og mangfaldig vegetasjon. Her finst rike myrsig og gamal beitemark, samt kalkfattige tørrenger. Området har høg botanisk verdi og ei særmerkt blanding av sørlege artar og fjellplanter.
Tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket skal bidra til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og sikre langsiktig skjøtsel og drift.
Grunneigarar og organisasjonar kan søkje om tilskot i UKL- området Leveld.