Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Spelemiddelordninga

Viktige datoar og orientering om ordninga. Allmøte for idretten på Bråta 26. april

Det er satt datoar for spelemiddelkurs og orienteringar om spelemiddelordninga:  

  • 3. mai – informasjonsmøte om spelemiddelordninga, Ål kommune (Kommunestyresalen), kl 19.00-20.30 Eg informerer om årshjul og prosedyrer i Ål kommune og går kort inn på dei viktigaste punkta i føresegn for tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Det er nye fristar og prosedyrer å forhalde seg til i 2023, så eg oppmodar alle som skal søke ny eller gjentakande søknad om å møte opp.  
  • 4. mai – Spelemiddelkurs for lag og organisasjonar, Viken fylkeskommune (Teams), kl 18.30-21.00 Viken fylkeskommune har digitalt kurs for dei som skal søke om spelemiddel til idrettsanlegg i 2023. Dette er eit meir inngåande og detaljert kurs. Nyttig både for deg som har søkt før og deg som ikkje har vore borti ordninga tidlegare.  
  • 9. mai – Spelemiddelkurs for lag og organisasjonar, Viken fylkeskommune (Teams), kl 18.30-21.00 Viken fylkeskommune har digitalt kurs for dei som skal søke om spelemiddel til friluftslivsanlegg i 2023 Dette er eit meir inngåande og detaljert kurs. Nyttig både for deg som har søkt før og deg som ikkje har vore borti ordninga tidlegare.  

Minnar også om allmøte for idretten på Bråta 26. april, klokka 18.00-20.30 der tema blir suksessfaktorar, utfordringar, ny sportsleg leiar Ål IL, rekruttering og spelemiddel.

Møtet er arrangert av Ål Idrettsråd. Har du saker du ønsker å ta opp kan du sende desse til meg, i lag med påmelding, innan 19. april. Eg kjem til å ha ope kontor to kveldar i august. Då kan de kome å spørje meg om alt de lurar på rundt spelemiddel. Eg kjem tilbake med datoar. Elles er det også mogleg å booke eit møte med meg utanom dette, på dagtid, ettermiddag eller kveld. Ikkje nøl med å ta kontakt! 
Kristine Kapperud, telefon 970 44 385, kristine.kapperud@aal.kommune.no

Her finn du alt du treng å vite om spelemiddelordninga: https://www.aal.kommune.no/meny/kultur-og-fritid/idrett/ https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/  

Ved neste søknadsrunde er det krav om berekraftssjekk, og fristen for å melde inn anlegg til prioritert anleggsliste er 15. mai. Prioritert anleggsliste blir vedteke politisk i juni 2023. For å søke om spelemiddel er det krav om at anlegget ligg på prioritert anleggsliste.

Skjema finn du på heimesida til Ål kommune, og det sendast til postmottak@aal.kommune.no.  

Nye føresegn for spelemiddel til anlegg for idrett og fysisk aktivitet vert publisert i juni kvart år. Me oppmodar likevel om at du sett deg inn i gjeldande føresegn før dette, då det vanlegvis ikkje er store endringar på dei store formelle tinga: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/bestemmelser-om-tilskudd-til-anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet-2022-v-0732-b/id2919050/  

 

Sist endret: 13.02.2024