Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Lokal fritidskasse for barn og unge i Ål kommune

Tilskotsordning for barn og unge som bur i Ål kommune

Lokal fritidskasse er eit lågterskeltilbod og ei tilskotsordning for barn og unge 6 - 24 år. Formålet er å bidra til at alle skal ha moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar som idrett, korps, speidar m.m., utan at økonomi er eit hinder.

Det kan søkjast om økonomisk stønad til å dekke deltakaravgift, medlemskontingent, treningsavgift og utstyr til faste, organiserte fritidsaktivitetar.
Kostnader forbunde med uorganisert fritidsaktivitet kan det òg søkast om.

Tilskotet i ordninga er begrensa. Det inneber at søkjeren ikkje har krav på tilskot, sjølv om alle føresetnader for å få tilskot er oppfylte.

Kven kan søkje?

  • Foreldre/føresette til barn og unge i målgruppa kan søkje
  • Ungdom mellom 16-24 år kan søkje på vegne av seg sjølv
  • Lag/organisasjon kan søkje om tilskot på vegne av barnet/ungdommen
  • Andre som kan hjelpe deg med å søkje kan blant anna vere skulehelsetenesta, Ål Introsenter, familiens hus, lærarar, Ål frivilligsentral, Frisklivsentralen.

Føresette skal samtykke til at det vert søkt om økonomisk bistand til fritidsaktivitetar for barn og unge under 16 år.

Kriterium for søknad og tildeling

Det vert ikkje stilt krav til dokumentasjon av privatøkonomi. Vurdering om å motta økonomisk tilskot er basert på tillit mellom vaksne med felles mål om å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar.
Det er ingen søknadsfrist. Søknader vert vurdert fortløpande.

Kva kan det søkjast om stønad til:

  • medlems- og treningsavgift
  • stønad til utgifter ved cup, leir o.l. som er naudsynt for å delta på fast, organisert fritidsaktivitet
  • naudsynt utstyr til å kunne delta på aktiviteten
  • andre kostnader forbunde med uorganisert fritidsaktivitet kan òg bli vurdert

Kriterier:

  • ein ber om at organisasjon/lag og føresette sender kontingent/medlemsavgift direkte til Ål kommune servicetorget v/ Live Berg eller mail til live.berg@aal.kommune.no
  • stønad vert ikkje betalt ut direkte
  • avgift til kulturskulen blir ikkje dekt
  • fakturaer og utgifter som allereie er betalt, vert ikkje dekt
  • barn/ungdom skal ha bustadadresse i Ål
  • økonomisk stønad gjennom denne ordninga er eit tilbod og ikkje ein rett
  • det er ingen søknadsfrist. Søknader vert vurdert fortløpande

For spørsmål ta kontakt med tildelingsteamet:

  • Live Berg- Frisklivssentralen tlf 95980495
  • Simen Bjerke - ungdomsfrivilligsentralen tlf 46860039
  • Ann Beate Øyre Bjørnsen - ungdomskonsulent/ungdomslos tlf 46812535   

Skjema for søknad om tilskot barn og unge.pdf

                                                                                                                              

Sist endret: 15.01.2025