Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Lokal fritidskasse for barn og unge i Ål kommune

Lokal fritidskasse er eit lågterskeltilbod og ei tilskotsordning for barn og unge 6 - 24 år.

Formålet er å bidra til at alle skal ha moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar som idrett, korps, speidar m.m., samt kunne delta på enkeltståande opplevingar på fritida, utan at økonomi er eit hinder.

Det kan bli søkt om økonomisk stønad til å dekke deltakaravgift, medlemskontingent, treningsavgift og utstyr til faste, organiserte fritidsaktivitetar.

Kostnader forbunde med uorganisert fast fritidsaktivitet kan det òg søkast om. Det er òg høve til å søke om stønad til enkeltståande aktivitetar og opplevingar (til dømes kino, svømmehall, idrettsarrangement, heiskort, kurs,  bowling).

Ordninga har avgrensa midlar. Dette inneber at søkjeren ikkje har krav på tilskot, sjølv om vilkåra for å få tilskot er oppfylte.

Kven kan søkje?

  • Foreldre/føresette til barn og unge i målgruppa kan søkje
  • Ungdom mellom 16-24 år kan søkje på vegne av seg sjølv
  • Lag/organisasjon kan søkje om tilskot på vegne av barnet/ungdommen
  • Andre som kan hjelpe deg med å søkje kan blant anna vere skulehelsetenesta, Ål Introsenter, familiens hus, lærarar, Ål frivilligsentral, Frisklivsentralen.

Føresette skal samtykke til at det vert søkt om økonomisk bistand til fritidsaktivitetar for barn og unge under 16 år.

Kriterium for søknad og tildeling

Det vert ikkje stilt krav til dokumentasjon av privatøkonomi. Vurdering om å motta økonomisk tilskot er basert på tillit mellom vaksne med felles mål om å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar. Det er ingen søknadsfrist. Søknader vert vurdert fortløpande.  

Kva kan det bli søkt stønad til:

  • medlems- og treningsavgift
  • stønad til utgifter ved cup, leir o.l. som er naudsynt for å delta på fast, organisert fritidsaktivitet
  • naudsynt utstyr til å kunne delta på aktiviteten
  • andre kostnader forbunde med uorganisert fritidsaktivitet kan òg bli vurdert
  • enkeltståande aktivitet/oppleving (til dømes kino, klatrepark, heiskort, badeland, konsert, idrettsarrangement, bowling)  

Kriterium:

  • Vi ber om at organisasjon/lag og føresette sender kontingent/medlemsavgift direkte til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål ved Live Berg mail til live.berg@aal.kommune.no
  • stønad vert ikkje betalt ut direkte
  • det vert ikkje dekt avgift til kulturskulen
  • fakturaer og utgifter som allereie er betalt vert ikkje dekt
  • barn/ungdom skal ha bustadadresse i Ål
  • økonomisk stønad gjennom denne ordninga er eit tilbod og ikkje ein rett
  • det er ingen søknadsfrist. Søknader vert vurdert fortløpande.

For spørsmål ta kontakt med tildelingsteamet:
Live Berg- Frisklivssentralen tlf 95980495
Simen Bjerke - ungdomsfrivilligsentralen tlf 46860039
Ann Beate Øyre Bjørnsen - ungdomskonsulent/ungdomslos tlf 46812535  

Informasjon og søknadsskjema finn du via denne lenka    

Sist endret: 13.10.2026