Kulturkontoret har no lyst ut 2. runde 2026 med kulturtilskot.
Dette er ein ekstra runde som ikkje er standard for kvart år, men som me har mogelegheita til å gjennomføre i år.
Me oppfordrar alle frivillige lag og organisasjonar i Ål kommune til å søkje.
Søknadsfrist 18. september 2026
Dersom du treng veiledning til søknadskriving eller har utfordring med skjemaet, vil Anita vere tilgjengeleg på Ål kulturhus onsdag 16. september frå kl 16-19.
Søknadsskjema, og meir informasjon finn du på:
Tilskot, stipend og kulturpris - Ål kommune
Søknadsrunden for 2027, med frist 1. desember 2026 vil foregå som normalt.