Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gebyr slam

Felles gebyrregulativ for Hallingdal

Frå 2019 har kommunane i Hallingdal eit felles gebyrregulativ for slam der ein går over til eit tredelt gebyr slik:

Pris pr. m3 slam: Dette er basert på teknisk volum på tanken.

Rensegebyr slam: Dette gebyret er kostnader kommunen har med rensing av slam/
avløpsvatn som vert slept på det kommunale renseanlegget.

Fastledd: Dette speiler kommunen sine utgifter til entreprenør i samband med transport pluss kommunen sine administrative kostnader.

Framleis skal slamavskillarar til hus tømmast annakvart år og til hytter kvart fjerde år.
Tette tankar vert tømt kvart år.
Det vert fakturert årlege gebyr. Hus med slamavskillar får ½ gebyr kvart år og hytter med
slamavskillar får ¼ gebyr kvart år.