Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Idésmie for Sundre 17.-19. februar 2026

Ål kommune sitt GNIST-prosjekt inviterer alle innbyggarar og besøkande til å ta turen innom idésmia for Sundre frå tysdag 17. til torsdag 19. februar 2026.

I tre dagar fyller vi Bergobygget på Torget 6 med kreativitet, gode samtalar og rom for å påverke utviklinga av sentrum.  

Dette er ein lågterskel medverknadsarena der du kan kome som du er – utan førebuingar.  

Kva møter deg i idésmia?

- Ein kopp kaffi og noko å bite i

- Hyggeleg atmosfære med plass til ein prat

- Eigne aktivitetar for barn

- Enkelt, forståeleg medverknadsopplegg for alle aldrar

- Moglegheita til å dele tankar, behov og idear for framtidas Sundre  

 

Vi ønskjer å høyre frå deg – anten du bur i Ål, har hytte her, eller berre er på besøk.  

Dine innspel er viktige når vi saman skal skape eit levande og godt sentrum.

Opningstider i idésmia (Torget 6)  

Tysdag 17. februar: kl. 17.00–20.00

Onsdag 18. februar: kl. 14.00–16.00 og kl. 18.00–22.00 (Sundrepub) Torsdag 19. februar: kl. 11.00–12.00  

I tillegg held vi ope desse tidene i veke 9:

Tysdag 24. februar: kl. 12.00–14.00 Onsdag 25. februar: kl. 12.00–14.00  

Berre stikk innom – vi gler oss til å møte deg!      

 

Helsing  

Anne Nordheim

Samfunns- og areaplanleggar Ål kommune  

Tlf: 41181 765

Flytt til Ål

   

Sist endret: 12.02.2026