Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Hjelp med søknad om naturskadeerstatning

Tilbod til innbyggjarar i Ål kommune

Ål kommune vil prøve å hjelpe innbyggjarar som ynskjer bistand til å søke Statens naturskadeordning («naturskadefondet») om erstatning for skadar på private vegar, bruer og gjerde, private eigedomar over 5 dekar, jordbruksareal, industriareal og skog.  

For spørsmål som gjeld jordbruksareal, kontakt landbrukskontoret ved Bjørg Torsteinsrud. Direkte telefonnummer: 32 08 50 71,
e-post: bjorg.torsteinsrud@aal.kommune.no  

For spørsmål som gjeld skog, kontakt skog- og utmarksforvaltar i Ål og Hol, Tin Are Linderud. Direkte telefonnummer: 32 08 50 84 eller mobil 93041006. E-post: tin.are.linderud@aal.kommune.no
Linderud har fast kontorstad i Ål alle dagar unnateke onsdagane. Då har han kontorstad på kommunehuset i Hol.  

Ei gruppe i utviklingsavdelinga kan hjelpe til med søknader om naturskadeerstatning frå privatpersonar som har skadar på t.d. private vegar og eigedomar.
For spørsmå, eller send e-post til postmottak@aal.kommune.no .  

Me er også tilgjengelege for fysiske møte på Tingstugu i desse tidsromma: Onsdag 16. august kl. 9-14, torsdag 17. august kl. 9-14 eller fredag 18. august kl. 9-14.
Tider for eventuelle fysiske møte i veke 34 og 35 blir publisert i slutten av denne veka.  

Ta gjerne med kodebrikke eller mobiltelefon med app-innlogging til Altinn, samt det du har av bilete og dokumentasjon på skadane.  

Kva bør du gjere før du kontaktar kommunen?

  1. Snakk med forsikringsselskapet ditt for å finne ut kva som eventuelt er dekt av husforsikringa, og kva som må søkast om i naturskadefondet
  2. Få gjerne med deg møtet med Gjensidige Hallingdal tysdag 15. august kl. 15:00 på Ål kulturhus. Der får du høyre meir om dei ulike ordningane.
  3. Ta bilete og skaff så mykje dokumentasjon du kan om omfanget av skadar   Me oppmodar om at du sender inn søknad så fort du har kartlagt kva som er dekt av den vanlege forsikringa. Du treng ikkje ha estimat for kostnader / innhenta tilbod, då det kan ettersendast seinare.    

Les meir om Statens naturskadeordning her   
Kortversjon og hovudpunkt på Ål kommune sine heimesider her:
Statens naturskadeordning - Ål kommune  

original-3A55DDDC-8A25-4987-B0E8-8EE6E065892B.jpeg

Foto: Helene Kleiven