I etterkant av ekstremveret «Hans» i august 2023 har Ål kommune bedt om bistand til vurdering av kritiske punkt og tiltak i Ål sentrum. Det var mykje vatn på avveie som vaska ut vegar, som igjen tetta stikkrenner og reduserte kapasitet i bekkeløp.
Skred AS har vurdert ulike tiltak og prioritering for kritiske punkt i sju bekkar gjennom Ål sentrum. Dette er meint som eit verktøy for kommunen for å planlegge tiltak og sjå samanhengen av ulike tiltak. Mange av tiltaka vil vere fordelaktig å gjere samtidig.
Du finn meir informasjon om rapporten og tiltakspunkt via denne lenka.