Det er mange ulike utformingar av gjerde.
Nettinggjerde av metall (sauenetting), bordgjerde, stakittgjerde og skigard er aktuelle alternativ. Kommunen oppmodar folk til å bruke impregnert stolp og sauenetting av galvanisert metall. Eit sauesikkert gjerde skal vera minst 110 cm høgt (inkludert overtråd), og ha ei utforming slik at småfe og lam ikkje set seg fast eller kan smette gjennom. Grinder skal slå utover.
I samarbeid med utmarksoppsynet har vi tilsyn på gjerding. I løpet av dei siste 5 åra har det vore 250 lovbrot med omsyn til ulovleg gjerding.
Her finn du meir informasjon om gjerding