Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Gjerding

Det er beitesesong i li og fjell. Ål kommune minner om at gjerdet kring hytter skal vera sauesikkert.

Nettinggjerde av metall, bordgjerde, stakittgjerde og skigard er aktuelle alternativ. Gjerdet må uansett vera laga slik at dyr ikkje set seg fast eller kan smette gjennom.

Straumtråd og nylonnett er gjerdetypar som krev dagleg tilsyn gjennom heile sesongen. Det er difor ikkje lov å bruke slike gjerde kring hytter.

Ta kontakt med kommunen dersom du er usikker på kor stort areal du kan gjerde inn kring akkurat di hytte.

For meir informasjon: Gjerding - Ål kommune

Sist endret: 06.06.2024