Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Faktura for eigenandel på trygghetsalarm

Eigenandel for tryggleiksalarm. Ål kommune har mellombels stansa innkrevjinga av eigenandel for tryggleiksalarm. Bakgrunnen er at vi ventar på ei avklaring av regelverket på dette området. 

 
Kva betyr dette for deg som har tryggleiksalarm? 
 
Denne endringa påverkar ikkje sjølve tenesta. Du vil framleis få same oppfølging og hjelp som tidlegare. Det einaste som endrar seg no, er at du ikkje vil få faktura for tryggleiksalarmen medan kommunen avklarar saka. 
 
Kva skjer vidare? 
 
Vi informerer så snart det ligg føre ei avklaring, og vi har teke stilling til korleis eigeandelen skal handterast framover. 
 
Tryggleiksalarm - Ål kommune