Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommunale avgifter

Faktura på kommunale avgifter

Det nærmar seg utsending av faktura på kommunale avgifter. Me ynskjer i den anledning å informere om at me tilbyr oppdeling av fakturaen. 

Du kan behalde dagens ordning med faktura 2 gonger i året, eller du kan velje mellom å få faktura 1, 4 eller 6 gonger i året. Det einaste kravet er at du kan ta imot faktura digitalt. Det vil si t.d. e-faktura, avtalegiro, e-post eller Vipps.

Ynskjer du å ta imot faktura på e-post må du informere om e-postadresse. Dersom du allereie har avtale om avtalegiro eller du nyttar e-faktura, men no ynskjer faktura på e-post, må desse avtalene slettast. Slike avtaler overstyrer faktura på e-post.

For deg som ikkje ynskjer å ta i mot faktura oftare, eller framleis ynskjer blankett tilsendt i posten, blir det ingen endringar. Du vil få faktura to gonger i året med betalingsfrist 20.03. og 20.09.

For meir informasjon og søknadsskjema: sjå www.aal.kommune.no Bustad og eigedom - Ål kommune (aal.kommune.no)

Sist endret: 06.06.2024