Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vintervedlikehald

Informasjon frå drift- og vedlikehaldsavdelinga

Med vintervedlikehald meiner me brøyting, snørydding  og strøying.

Vintervedlikehaldet skal på best mogeleg måte ivareta trafikktryggleik og framkomst for alle trafikantane (Veglova).
Hovedvegar og gang- og sykkelvegar blir prioritert.  

Kva kan du forvente av oss:

  • at det normalt er brøyta hovedvegar, bustadvegar, gang- og sykkelveger og prioriterte fortau innan kl. 08.00 på kvardagar.
  • at vegar og gater skal vere framkomelege for fotgjengarar og vinterutrusta køyretøy.
  • Likeeins at bakkar/vegkryss/svingar er strøyd, slik at normalt vinterutrusta køyretøy kjem trygt fram.
  • at det står kasser med strøsand som "hjelp til sjølvhjelp" på utsatte stader (kun til bruk på offentleg veg). 
  • at brøytemannskap så langt det er råd, tek omsyn til eigedomane/avkøyringane langs vegen.

Ved unormale verforhold vil kommuna si målsetting kunne fråvikast for å omfordele ressursane. Kommuna kan ikkje påta seg erstatningsansvar utover det som går fram av vegtrafikklov-givninga og alminneleg rettspraksis.


Kva me forventar av deg:

  • at du sjølv fjernar snø frå brøyting som blir lagt inn i privat avkøyrsel. 
  • at du ikkje legg snø på offentleg veg eller fortau.
  • at du fjernar all vegetasjon på eigen grunn som heng ut i køyrebane, fortau eller liknande og som er farleg for trafikksikringa og til hinder for brøytemannskapet og andre trafikantar.
  • at du ikkje fjernar brøytepinnar.
  • at du flytter køyretøy som er til hinder for vintervedlikehaldet.