Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Sentrumsprosjektet Sundre

Ål kommune har i 2025 starta eit prosjekt med å utvikle eit meir attraktivt, aldersvenleg og inkluderande sentrum for alle. På denne sida kan du følge prosessen.

Teamet på første feltarbeid i Ål 

Glenn, Tobias og Anders i GNIST-TEAMET til Ål var i september på feltarbeid i Ål var i september på feltarbeid i Ål for første gong. I løpet av 24 effektive timar rakk teamet å møte ei rekke aktørar innan:

  • Handel og næringsliv
  • Ungdom frå kulturskulen
  • Ordføraren og tilsette i administrasjonen

Det vart også tid til Sundrevandring med historiefortelling saman med mellom andre Thor Warberg og Ole Johs. Brye og ein tur opp på utsiktspunktet på Sundreberget.

Teamet jobbar no med å analysere funn frå første besøk. Saman med prosjektgruppa i Ål er vi godt i gong med planlegging av neste feltarbeid som skjer allereie 16. oktober. Då skal kommunestyret vere med på arbeidsøkt!

Oppstartssamling for GNIST 2025-2026

Torsdag 28. og fredag 29. august var prosjektgruppa for sentrumsutviklingsprosjektet Sundre samla i Oslo saman med dei andre GNIST-kommunane 2025-2026, fylkeskommunar, DOGA og innovasjonsteam.

Det var ei inspirerande og lærerik samling der me drøfta strategisk samfunnsutvikling, byplanlegging og framdrift for første fase i prosjektet.

Frå innovasjonsteamet vårt deltok dei strategiske designerane Glenn Sæstad og Tobias Mangersnes frå Lokalt byrå og arkitekt Anders Koller Tufte frå Ihuga, samt planleggar i Buskerud fylkeskommune, Kathrine G. Thomassen.

Frå Ål kommune deltok kommunalsjef for drift og utvikling, Torfinn Slåtto; næringsutviklar Staffan Landsmann-Wive, folkehelsekoordinator Hege Malene Ulstein, samfunnsplanleggar Anne Nordheim og landbruksrådgjevar Ingvild Sundgot. I tillegg hadde vi med oss trivelege kollegaer frå kommunene Tinn (Telemark) og Øyer (Innlandet) som skal følge prosessen i Ål for å lære.

Lokalt byrå skal leie GNIST-arbeidet i Ål kommune 

Rett før sommaren landa Ål kommune, saman med DOGA, på kva arkitektur- og designmiljø det var som skulle få oppdraget med å bistå oss i vårt GNIST-prosjekt, der vi skal gå "frå handling til plan - på vegen til eit vitalt sentrum". 

Kommunen har valt å jobbe med det strategiske designkontoret Lokalt Byrå, arkitektkontoret Ihuga og samfunnsutviklar Vigleik Winje, som til dagleg er leiar for by- og samfunnsutvikling i Karmøy kommune, men som også undervisar på AHO - Arkitekturhøyskolen i Oslo. 

"Vi har allerede fått et ordentlig godt inntrykk av gjengen i Ål kommune. Dette er folk som virkelig vil få til noe, og som har masse lokal kunnskap og erfaring, som vi nå skal flette med vår egen fagkunnskap og erfaring fra andre steder i landet", seier Glenn Sæstad i Lokalt Byrå. 

Ål er GNIST-kommune 2025-2026

Ål kommune er ein av fem kommunar i Noreg som i 2025-2026 er valt ut til å vere med i innovasjonsprogrammet Gnist.
Gnist er eit samfunnsutviklingsprogram i regi av DOGA – Design og arkitektur Norge, der utvalte norske kommuner får design- og arkitekturfagleg hjelp til å finne bærekraftige løysingar på utfordringar i lokalsamfunnet.  

«Utfordringane Ål ynskjer å løyse går att i mange norske kommuner: Dei manglar eit velfungerande og berekraftig sentrum. Gjennom Gnist får kommunen kompetanse, metoder og verktøy til å ta tak i utfordringane sine. Vi har tru på at Ål kjem fram til noko som vi alle kan lære av», seier Tor Inge Hjemdal, administrerande direktør i DOGA. Det er ei oppfatning Ål kommune, ved prosjektleiar Anne Nordheim, deler:

«Vi har mange og store håp for deltakinga i Gnist. Med god arkitektur- og designfaglig hjelp håpar vi Ål får eit meir aldersvenleg og inkluderande sentrum som i større grad syner fram vår identitet som ei fjell- og kulturkommune. Samtidig ynskjer vi å bli betre på samfunnsplanlegging og å tenke nytt rundt samankobling av tenester og tilbod til innbyggarane.»