Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Rabattar frå Ål Kraftverk 2024

Statleg straumkompensasjon og rabattar frå Ål Kraftverk KF:

Både staten og Ål Kraftverk gir kompensasjon og rabatt. Begge delar blir rekna ut frå spotpris. Den statlege kompensasjonen til hushaldskundar blir rekna ut frå spotpris time for time.

Ål kraftverk sine rabattar til hushald og næring blir rekna ut frå gjennomsnittleg spotpris over månaden.

Husstandar:

Kunden får 10 % rabatt på forbruket målt av differansen mellom gjennomsnittleg spotpris i månaden og 73 øre/kWh, eks.mva.

Atterhald: Dersom staten aukar si ordning vil Ål Kraftverk KF senke si ordning tilsvarande

Næring:

Næringskundar får ein rabatt på 80 % av differansen mellom 60 øre/kWh og gjennomsnittleg spotpris i månaden for heile forbruket.

Atterhald: Total rabatt og andre offentlege stønader kan ikkje over ei 3 års periode overstige 200.000 Euro, dvs om lag 2 millionar kroner. Når ein denne grensa så stoppar rabatten.