Ål Kraftverk
produktinformasjon
Har du spørsmål? Send e-post til: aal.kraftverk@fortum.com
Her finn du informasjon om produkt og prisar
Ål Kraftverk KF tilbyr kundar i Ål å kjøpe kraft til spotpris og fastpriskontraktar. Du som kunde betalar overføringsavgift (nettleige) i tillegg til prisen på straumen.
Prisen inkluderer kostnader til kjøp av el-sertifikat og kraftverket sine administrasjonskostnader.
Norgespris
Norgespris kan bestillast frå 24.september 2025.
Norgespris på straum og fjernvarme skal innførast frå 1. oktober 2025.
I korte trekk blir det som følgjer:
Bestilling av Norgespris: skal gjerast digitalt på minside.elhub.no Dersom nokon ikkje får dette til, eller ikkje er digital, kan du ta direkte kontakt med nettselskapet ditt, som i vårt område er Føie, på tlf 32 07 08 09. Bestilling går altså ikkje via Ål kraftverk eller Fortum.
Pris 40 øre/kWh eks mva og 50 øre/kWh inkl mva.
Bindingstid 01.10.2025 – 31.12.2026
Ål kraftverk fungerer som før, me er kun bindeleddet mellom kunde og Fortum. Avtalane om spot, fleksi og vinterpris blir avrekna og berekna som før, og dette skal bestillast til Fortum, som i dag.
Kundar som vel å gå for Norgespris, vil fortsatt vere kundar hjå Ål kraftverk.
Her er lenkje til mange av dei vanlegaste spørsmåla med svar, samla.
Ein kan òg lese om Forskrifter som regulerer Norgespris og straumstønadsordninga ved å trykkje på denne lenkja.
Energitiltaksfond - vedtekter og søknadsskjema

soknadsskjema-for-energitiltaksfond-word---rev-oktober-25.doc
(Vedr søknad om stønad til energitiltak: ved utskifting av vindauger, gjeld det vindauger med U-verdi på 1,2 eller lågare. Les vedtektene under her.)
Fristen er 1. januar kvart år.
Send søknad til: Ål kommune v/Ål Kraftverk KF, Torget 1, 3570 Ål eller på e-post til: postmottak@aal.kommune.no
Kontakt Ål Kraftverk
For spørsmål kontakt Servicetorget: tlf. 3208 5000.
Dagleg leiar: Geir Tretterud
E-post: Geir.Tretterud@aal.kommune.no
Mobil: 40 29 36 38
For bestilling av produkt og informasjon, kontakt Fortum: tlf. 32086600
Gjeld hytter i næring: For spørsmål om status, kontakt Føie, tidlegare Hallingdal kraftnett: tlf. 32070809
Om Ål Kraftverk

Ål Kraftverk KF har ei historie som går attende til 1914. Ål Kraftverk KF er heileigd av Ål kommune.
Kraftverket har ein liten kraftstasjon som produserer ca. 13 GWh (millionar kWh) ved Ylifossen i Gullhagen industriområde.
LVK
Votnakraft
For bebuarar i Votnadalføret.
Utdrag av reglar for tildeling av votnakraft:
- Votnakrafta er 300 KW gratiskraft til "Votnadalens beboere". Omrekna til full brukstid: 2.628.000 kwt. Denne krafta skal delast på det antal høvetal som gjeld pr. 1. oktober kvart år.
Abonnenten får godskrive på straumrekninga si - heile grunnavgifta - verdien av dei kwt. som er tildelt vedkomande - mva på dette. frårekna administrasjonsutgifter til kommunen med 1/6-part. El.avgifta og mva. på denne blir ikkje refundert. - Votnakraft kan - etter søknad- tildelast fastbuande folk på særskilt matrikulert eigedom i Votnadalføret. Krafta skal inndragast når fast busetnad opphøyrer og ved eigar/brukarskifte. Det blir ikkje tildelt Votnakraft til meir enn ein søkjar på kvar matrikulerte eigedom (kvart gnr. og bnr.) Ein må vera straumabonnent i Ål Kraftverk/Hallingkraft for å få Votnakraft. Med fastbuande er meint at vedkomande må vera registrert med eigedomen som si fastadresse i Hallingdal folkeregister.
- Delinga skjer etter fastsette reglar om høvetal, varierande frå 2 og oppover. Det blir m.a. teke omsyn til om vedk. eigedom har strandrett til elva Votna, om vedk. har "salgskraft" m.v.
- Kommunestyret vel for kvar valbolk eit styre for Votnakrafta. Styret har 5 medlemer. Tre av dei skal vera frå Votnadalføret ( ein frå kvar av grendne Vats, Leveld og Votndalen). Det er klagerett til formannskapet over dei avgjerder Votnakraftstyret har gjort. Eit mindretal i Votnakraftstyret kan dessutan krevje ei sak lagt fram for formannskapet. Ål Kraftverk KF er sekretariat for styret.
Votnakraftstyret er for perioden 2023 - 2027
Ordførar, Varaordførar, Ole Tor Oleivsgard (leiar), Inger Elise Kaslegard og Knut Arne Svarteberg
Votnakraft søknadsskjema med retningslinjer.pdf
Søknad om Votnakraft vert sendt til:
Votnakraftstyret v/ Ål Kraftverk KF, Tingstugu, 3570 Ål