Søknad/Rekvisisjon sender du til Ål kommune, Utviklingsavdelinga, Torget 1, 3570 Ål eller pr e-post: postmottak@aal.kommune.no
Kommunekart
Kommunekart har fargeflyfoto og kart over tomta di. Vel Ål kommune og skriv inn ditt gnr./bnr. Det kan vera feil ved tomtegrenser i kartet.
Deling av parsell til ny grunneigedom, festegrunn, tilleggsareal med meir
Det er viktig å setja seg inn i nødvendig lovverk, i tillegg til kommuna sine planbestemmelser for eigedomen, før ein søkjer om deling. (Servicetorget kan hjelpa deg med å finne rett plan og føresegner for eigedomen).
Søknad om deling (Plan- og bygningslova/ Jordlova) vert handsama av byggesak/landbruk ved Utviklingsavdelinga.
Søk digitalt - Direktoratet for byggkvalitet
Du kan òg sende inn søknad på e-post eller post. Då må du sende inn:
- Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett (oppretting/endring av matrikkeleining (grunneigedom, anleggseigedom, festegrunn, arealoverføring))
- Rekvisisjon av oppmålingsforretning og krav om matrikkelføring (Skjema for å søkje om eit nytt gards- og bruksnummer og oppmåling i terrenget).
- Kartutsnitt i målestokk med påteikning av det du søkjer om. Kart får hjå Servicetorget, eller du kan ta det ut her: Kommunekart
- Nabovarsel og Kvittering for nabovarsel (Velg Nabovarsel for mindre byggeprosjekter)
- Kopi av målebrev eller skylddelingsforretning/skyldskifte. Ta kontakt med ein av oppmålingsingeniørane dersom du ikkje har dette (kontaktinfo finn du nederst på denne sida).
- Kopi av festekontrakt
- Kopi av jordskiftesaker
- Andre dokument som gjeld saka
Grensejustering/Makebyte
Matrikkellova §16 og Matrikkelforskrifta §34
Dersom det er ynskje om å justere grensa mellom to naboeiendomar slik at den samsvarar bedre med bruk og terreng etc. er det fleire løysingar.
Einsidig grensejustering
- inntil 5% av minste eigedom sitt areal (maksimalt 500m²) kan overførast frå ein eigedom til ein annan.
Tosidig grensejustering/makebyte
- inntil 20% av minste eigedom sitt areal kan overførast mellom involverte eigedomar. Netto arealendring kan ikkje overstige 5% (maksimalt 500m²).
Det er ikkje krav om søknad etter plan og bygningslov for grensejustering, men grenser etter justering kan ikke stride mot gjeldande arealplanar i området. I så fall må saka handsamast etter plan- og bygningslov og eventuelt jordlov.
Send inn:
- Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
- Avtale om grensejustering med kart som syner eksisterande og ny grense. Kart får hjå Servicetorget, eller du kan ta det ut her: Kommunekart
- Kopi av målebrev eller skylddelingsforretning/skyldskifte. Ta kontakt med ein av oppmålingsingeniørane dersom du ikkje har dette. Kontaktinfo finn du nederst på denne sida.
Klarlegging av eksisterande eigedomsgrenser
Matrikkellova §17 og Matrikkelforskrifta §36
Mange eigedomsgrenser er ikkje klarlagde og koordinatfesta med god kvalitet. Dersom partane er samde om grensene, og kan påvise dei fleste eksisterande grensemerker (delesteinar, kross i fjell el.), kan ein rekvirere oppmålingsforretning med sakstype "Klarlegging av eksisterande eigedomsgrenser". Rekvisisjon av oppmålingsforretning, etter lov om eigedomsregistrering (matrikkellova), vert handsama av oppmålingsingeniørane ved Utviklingsavdelinga.
Send inn:
- Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
- Kartutsnitt i målestokk. Dette får du hjå Servicetorget, eller du kan ta det ut her: Kommunekart
- Kopi av målebrev eller skylddelingsforretning/skyldskifte. Ta kontakt med ein av oppmålingsingeniørane dersom du ikkje har dette.
- Kopi av festekontrakt
- Kopi av jordskiftesaker
- Andre dokument som gjeld saka
Nødvendig nabovarsling vert gjort av kommunen ved innkalling til oppmålingsforretninga.
Dersom partane er usikre på kor grensene mellom eigedomane går, rår me til at de kontaktar Vestre Viken jordskifterett avd. Nesbyen for fastsetting av grenser og ev. rettigheter.
Deling av parsell frå uregistrert jordsameige
Eit uregistrert jordsameige er areal som fleire eigedomar eig saman. Sameiget har ikkje eige gnr/bnr, men er ført opp med gnr/bnr på alle eigedomane som inngår i sameiget.
Eit registrert jordsameige er også areal som fleire eigedomar eig saman, men her har sameiget eige gnr/bnr -som igjen er eigd av grunneigedomane i sameiget.
Miljøverndepartementet har i prinsipputtale av 22.06.2012 slått fast at det som hovudregel ikkje er høve til å dele frå areal frå eit uregistrert jordsameige. Uregistrert jordsameige må vere registrert i matrikkel og i grunnbok før det kan delast frå nye parsellar.
Når jordsameiget vert registrert i matrikkelen får det eige gnr/bnr.
For å få registrert jordsameiget i grunnboka krev tinglysinga at fordeling av andelane i sameiget er avklara ved ei rettsleg avgjerd.
Vestre Viken jordskifterett må kontaktast for å få ei rettsleg avgjerd på fordelinga av andelane.
Samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar
Lovverk
- Plan- og bygningslova
- Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)
- Forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskrifta)
- Eigarseksjonslova
- Tomtefestelova
- Forvaltingslova
- Konsesjonslova
Karttenester
I tettstadene har me digitale kart med 1 m høgdekurver. Resten av kommunen, unnateke dei høgaste fjellområda, er dekt av økonomisk kartverk. Hovudsakleg i målestokk 1: 5000 med 5 m høgdekurver. Desse karta finst òg i rasterformat. I dei høgste fjellområda finst berre karta i serien Norge i 1:50.000. Kommunen har heildekkande eigedomskart der omlag 85% av alle eigedomane er registrerte. Treng du kartutsnitt ta kontakt med Servicetorget.
Turkarta Reineskarvet og Veståsen / Sangefjell, og Tettstadskart over Sundre og Torpo, kan kjøpast hjå Servicetorget og i forretningar i Ål.
Sal av digitale kartdata
Ved sal av digitale kartdata ber me om at du opplyser om utstrekniga av området du ynskjer kartdata over.
Digitale kartdata vert prisa etter eksisterande avtale med Geovekstpartar.
Bestilling av digitale kart gjer du hjå: Torleiv Torgersen, tlf. 32 08 50 72
Kontaktinformasjon
Ål kommune Servicetorg, tlf. 32 08 50 00
Sakshandsamar: Åsne Brattåker Håheim, tlf. 32 08 50 08
Oppmålingsingeniør: Anne-Marit Rusås, tlf. 32 08 50 66
Oppmålingsingeniør: Boglàrka Kaasa. tlf. 32 08 50 64