Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Stemmerett og manntal

Stemmerett ved stortingsval har:

Norske statsborgarar som:

  • har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg
  • Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.

For å stemme må du vere innført i manntalet i ein kommune.


Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune. Alle med stemmerett blir automatisk førte inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busette per 30. juni i valåret.

Viss du har flytta, og ønskjer stemmerett i den nye kommunen, må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni i valåret.
Viss du flyttar etter 30. juni, har du stemmerett i kommunen du flytta frå.

Valmanntalet for Ål kommune ligg ute til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera etter 1. juli i valåret og til og med valdagen på følgjande stader:

Ål bibliotek
Servicetorget på Tingstugu
Oppdateringar/rettingar i manntalet etter 1. juli kan berre skje i særskilde høve. Om du meiner det er feil i manntalet kan du krevje at feilen blir retta. Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve, og sendast valstyret i kommunen.

Ny statsborgar

Nye statsborgarar med stemmerett vert ført inn i manntalet i den kommunen der han/ho er folkeregistrert som busett.
Dette gjeld sjølv om du har vorte statsborgar etter 30. juni.

For veljarar busette i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg tidlegare, vert du ført inn i manntalet i den kommunen du sist var registrert som busett i:

Har du vore busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra vert du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen du sist var registrert som busett.
Har du budd meir enn 10 år i utlandet vert du ført inni manntalet i kommunen du sist var registrert som busett når du stemmer.
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstandsmedlemar, som aldri har vore registrerte som busette i Noreg, vert ført inn i manntalet i Oslo kommune.