Legitimasjon
Du må ha med legitimasjon når du skal stemme.
Når du skal stemme må det vere mogeleg å kontrollere identiteten din. Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg.
Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.
Døme på godkjent legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort og bankkort med bilde, men du kan og bruke annan legitimasjon. Minstekravet er at den inneheld veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete.
Stemmemottakar vil i kvart einskild tilfelle vurdere den legitimasjon veljaren legg fram.
Informasjon om stemmerett (tidlegare Valkort)
Fram til valet i 2023 fekk alle veljarar tilsendt eit valkort (digitalt eller på papir) som ei stadfesting på at dei hadde stemmerett ved valet. Valkortet inneheldt ei strekkode og veljarane vart oppmoda om å ta kortet med når dei skulle stemme. Denne ordninga er avslutta.
Frå og med valet i 2025 vil alle personar med stemmerett, og som er folkeregistrerte som busett i Noreg, få tilsendt eit informasjonsskriv frå departementet/Valdirektoratet. I dette skrivet står informasjon om/i kva kommune ein kan stemme på valdagen.
Informasjonsskrivet blir laga ut frå Folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har stemmerett og står i manntalet.
Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane, vil som før få informasjonen tilsendt på papir.