Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Valoppgjer ved kommunestyreval

Fordeling av representantplassane

Ved valoppgjeret skal ein ta utgangspunkt i listerøystetala til vallistene.
Kvar røystesetel inneheld så mange listerøyster som det er representantar i kommunestyret, i Ål 25 representantar.

Har veljaren ikkje ført opp kandidatar frå andre vallister, går alle listerøystene til den vallista som røystesetelen gjeld.
Har veljaren ført opp ein eller fleire kandidatar frå andre lister (såkalla «slengjarar»), taper lista tilsvarande mange listerøyster, mens listene til «slengjarane» tener tilsvarande. Reglane om «slengjarar» og kva dei har å seie, finst i vallova § 10-6 tredje ledd, jf. § 7-2 tredje ledd. 

Skjematisk kan ein seie at ein finn listerøystetalet til kvar liste på denne måten:

 
Talet på røystesetlar gitt for lista x talet på kommunestyrerepresentantar
+
Talet på listerøyster mottekne frå andre lister, ved at kandidatane til lista er førte opp som «slengjarar» på setlane til andre lister
-
Talet på listerøyster gitt til andre lister, ved at kandidatane til desse listene er førte opp som «slengjarar» på setlane til lista
Det er likevel berre «slengjarøyster» til kandidatar som er valbare, som fører til overføring av listerøyster frå ei liste til ei anna.

Når valstyret har funne totalen på alle vallistene sine endelege listerøystetal skal representantplassane fordelast.

Vallova § 11-12 første ledd inneheld reglar om fordelinga av representantplassane. Fordelinga skjer på grunnlag av St. Laguës modifiserte metode etter vallova § 11-4.
Listerøystetala vallistene har fått, skal dividerast med 1,4 – 3 – 5 – 7 – 9 osv. Representantplassane blir fordelte til vallistene fortløpande på grunnlag av dei framkomne kvotientane.
Har to lister same kvotient, går representantplassen til den av listene som har størst røystetal. Har dei same røystetal, skal plassen fordelast gjennom loddtrekning. Har ei liste fått fleire representantplassar enn lista har valbare kandidatar, skal dei overskytande representantplassane fordelast på dei andre listene etter reglane framfor.

Frå røystesetel til kommunestyrerepresentant

Kandidatkåringa skjer på grunnlag av § 11-12 andre ledd i vallova.
Kåringa skjer på grunnlag av to faktorar:

1. Røystetillegg frå partiet
Kandidatar som er oppførte med utheva skrift på stemmesetlane, skal ha eit røystetillegg tilsvarande 25 % av talet på røystesetlar som kjem lista til del.

2. Personrøyster frå veljarane
Deretter tel ein dei personlege røystene som veljarane har gitt til kandidatane. Slike personrøyster kan ein gje på to måtar – som personrøyster til kandidatar på lista etter eller som personrøyster til kandidatar på andre lister («slengjarrøyster»).
Kandidatane som får flest personrøyster samanlagt under 1 og 2, er valde.

Dersom fleire får like mange personrøyster, er rekkjefølgja på den offisielle vallista avgjerande. Kandidatar som ikkje er valbare, skal ikkje reknast med.

Kvar liste skal, i den grad det er mogleg, få tildelt like mange vararepresentantar som lista har av valde representantar + 3.

Døme på valoppgjer